To bønder i Stryn frykta at jerven skulle forsyna seg av sauene på beite.

Dei søkte om fellingsløyve, men hadde ikkje fått svar då dei la seg på post med jaktrifler sommaren i 2008.

Skreiv ut bot

Tidleg på morgonen kom jerven ned fjellsida med stø kurs mot sauer på beite.

Jerven vart skoten og bøndene gjekk til politiet for å fortelja kva dei hadde gjort.

Politiet meinte dei ikkje hadde høve til å skyta det freda dyret og skreiv ut ei bot på 10 000 kroner.

— Forstår frustrasjon

Mannen som hadde skote, ville ikkje godta bota fordi han meinte å ha skote for å berga buskap.

No har Fjordane Tingrett vurdert saka og kome fram til at mannen skal betala 20 000 i bot og 15 000 kroner i sakskostnader til det offentlege.

«Allmennpreventive hensyn veier tungt i slike saker», står det i dommen.

Retten seier også at ulovleg jakt gjer forvaltninga av dei freda artane vanskeleg. Norge har dessutan forplikta seg gjennom internasjonale avtalar til å halda levedyktige viltbestandar og bevara artsmangfaldet, står det i dommen.

«Bøndenes frustrasjon over den lidelse jerven hadde påført sauer i området er forståelig, men er ikke et formildende moment.»

Skulle jerven fått leva? Sei kva du meiner.