JOHN LINDEBOTTEN

Etter det Bergens Tidende forstår, er dette noko av det mest konkrete Samferdselsdepartementet har å tilby Hordaland i stortingsmeldinga om Nasjonal Transportplan 2006-2015, som vert lagt fram i dag.

Dette er eit langt steg framover i høve til Nasjonal Transportplan slik han låg føre som forslag frå dei einskilde samferdselsetatane i fjor sommar. Der var det tale om at dobbeltsporet til Fløen skulle vera ferdig planlagt i fyrste 4-årsperioden, med bygging deretter.

Framleis langt etter

— Dersom dette er rett, er det svært gledeleg, seier stortingsrepresentant, tidlegare ordførar i Bergen og flittig lokaltogbrukar Ingmar Ljones til Bergens Tidende.

Når det gjeld utbygging av riksvegar, ser det ut til at departementet plussar på det opphavlege forslaget. 760 millionar kroner til Hordaland i perioden 2006 til 2009 vert auka til 850 millionar.

Men det er framleis eit godt stykke att til dei summane som låg inne i handlingsplanen til Nasjonal Transportplan 2002-2011. Der låg til nesten 1200 millionar for 4-årsperioden 2006-2009.

I siste perioden, frå 2010 til 2015, aukar den samla ramme frå 880 millionar til 1030 millionar kroner.

— Men samanlikna med det opphavlege forslaget, gjev dette auka handlingsrom for utbygging av bybana og dei andre store prosjekta i Bergensprogrammet, seier Ljones.

Utanom riksvegramma vil Hordaland fylke og få pengar til rassikring. Dette kjem frå ein nasjonal pott øyremerka til føremålet rassikring. Det er så langt ikkje kjent kor stor del som landar i rasfylket Hordaland.

Bergen-Os etter 2010

Bergen kommune, Hordaland fylke, Os kommune og Statens vegvesen vart for få dagar sidan samde om eit bompengeopplegg for E39, Kyststamvegen, mellom Rådal i Bergen og Svegatjørn i Os. Planarbeidet kan vera avslutta i 2007, slik at arbeidet kan ta til i 2008 om Stortinget løyver pengar. Men Samferdselsdepartementet føreset anleggsstart i siste periode, altså tidlegast i 2010. Der er det inga endring frå forslaget som kom i fjor.

— Men dette kan det vera mogleg å retta opp under handsaminga i Stortinget til våren, seier stortingsrepresentant Øivind Halleraker, H.

— I alle fall er det bra at vi får plassert denne viktige etappen på Kyststamvegen. Det gjer det lettare å gå vidare med planlegging av det som då står att lenger sør, med veg over Tysnes og bru mellom Tysnes og Stord, seier Halleraker.

Vossapakken kjem

På E39 i Hordaland vil elles utbetring av Romarheimsdalen koma i 1. periode, 2006-2009. Utbetring mellom Vågsbotn og Hylkje i Åsane er plassert i 2. periode. Det er grunn til å tru at «utbetring» i denne samanhengen m.a. betyr bygging av Eikåstunnelen.

Også Vossapakken, med tunnel bak Vossevangen, utbetring Pollfoss-Mønshaug og ny veg ned Skjervet er plassert i 2. periode, altså 2010-2015.