OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

Grytidleg på morgonen 7.september nedkom Lise 16 dagar før terminen. Samme ettermiddag var det Elisabeth sin tur, 14 dagar før termin. Nora Christensen Sætrevik og Leah Sætrevik Engdal kom til verda på Haukeland universitetssjukehus, med fedrene Håvard Sætrevik og Bjarte Engdal som assistentar.

Lise frå Rosendal og Elisabeth frå Stord spelte på Solid/Stord sitt suksessrike damelag i 1997 og 1998. Elisabeth fungerte samstundes som Kirsten giftekniv for sin fotballinteresserte bror Håvard og Lise.

Sandviken og Rosendal

Elisabeth flytta til Bergen, hamna på Sandvikens elitelag og fekk jobb i eit revisjonsfirma. Lærarutdanna Lise drog heim til Rosendal og melde seg til teneste for skulen og fotballaget der.

Medan dei to venninnene og svigerinnene kosar seg med sine førstefødde, kjempar Sandvikens damelag for å unngå nedrykk frå Toppserien. Dei kan vera med på å skyva Rosendal ned i 3.divisjon.

Meir fotball

Lise spelte på Rosendals lag i vår heilt til femte svangerskapsmånad. Sjølv dagen før vatnet gjekk triksa ho med fotballen, og vil tilbake på banen.

— Ja, eg spelar til neste år, seier ho.

— Eg får sjå om Sandviken held seg eller rykkjer ned. Med barn blir det vel hardt å trena dagleg slik laget gjer no, seier Elisabeth.

Fotballinteressa i dei to unge familiane er upåklageleg. I helga var Bjarte Engdal i England og kjøpte Manchester United-drakter til dei nyfødde.

— Eg reknar med at det blir litt rivalisering mellom jentene, med triksing og slikt, etter kvart som dei veks opp i lag. Nokre har alt uttrykt glede over denne nyrekrutteringa til jentefotballen, seier den andre nybakte pappaen, Håvard Sætrevik, spelar og trenar i fotballsamvirket Rosendal/Uskedal.

LAGSPEL: Frå lagvenninner til svigerinner og førstegongsfødande på samme dag. Elisabeth Sætrevik med Leah til v., og Lise Christensen Sætrevik med Nora.