Det vert resultatet av at regjeringa frå og med 2010 legg til grunn 30 års innspart ferjetilskot i staden for 15 år, som no.

Den nye ordninga vil ha verknad frå og med Nasjonal Transportplan 2010-2019.

Leiaren i Hordaland Senterparti, Steinulf Tungesvik, er svært glad for nyhendet, som kjem frå hans partifelle og tidegare sjef, samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

— At regjeringa no doblar dette tilskotet gjera det mykje lettare å finansiera faste samband, til glede for trafikantar, regionar og for statskassa, seier Steinulf Tungesvik til bt.no.

Les også: Sunnhordland sig mot Stavanger

FERJEFRITT: Det påtenkte vegsambandet mellom Bergen og Stord via Fusa vil avløysa i alt fire ferjesamband, og utløysa statstilskot på langt over 1 milliard kroner.

Alle tener på det

Tungesvik, med fortid som statssekretær i Samferdsledepartementet, seier at staten kvart år har store utgifter til ferjetilskot langs kysten.— Trafikantane som er avhengige av ferjer betalar «evige bompengar» i form av ferjebillettar. Der det er grunnlag for det, er det eit mål for regjeringa å byggja landfaste samband og faste fjordkryssingar. Dette tener samferdsla og det gjev innsparing for trafikantane og for staten.

Til no har staten ytt investeringsstønad til slike bru- eller tunnelprosjekt med noverdien av 15 års ferjetilskot. Dette er gjort i Hordaland t.d. til Trekantsambandet, Nordhordlansbrua og Hardangerbrua.

Se større grafikk her

Støtte frå fire ferjesamband

I Hordaland er det særleg eit ferjefritt samband mellom Bergen og Stord, Hordfast, som får nyta godt av eit tilskot tilsvarande 30 års stønad til ferjedrifta. Hordfast vil avløysa i alt fire ferjesamband, Jektevik-Hodnanes, Hattvik-Fusa, Halhjem-Våge og Halhjem-Sandvikvåg.

I rapporten om Hordfast som NHO i Hordaland gav ut i juni 2007 var innsparte ferjetilskot over 15 år rekna til om lag 600 millionar kroner av eit samla finansieringsbehov på 10-12 milliardar kroner. Med tilskot tilsvarande 30 års ferjetilskot vil dette då auka til mellom 1 og 1,5 milliardar kroner.

Hjelp til Dalsfjordbrua

Om vi tenkjer ferjefritt heilt til Stavanger, vil den 25 kilometer lange Boknafjordtunnelen og nyta godt av at ferjetilskotet vert dobla.

I Sogn og Fjordane vil doblinga av ferjetilskotet hjelpa på finansieringa av Dalsfjordbrua, Kvivsvegen og ei framtidig ferjefri kryssing av Nordfjord.

Fergefritt til Stord? Sei di mening her.

HELGE SUNDE