Fitjar-verftet har skrive kontrakt med nok eit fiskebåtreiarlag på Austevoll, og skal før årsskiftet levera ein kombinert snurpar og trålar til H. Østervold AS til vel 120 millionar kroner. I februar neste år skal verftet levera eit tilsvarande nybygg til Hardhaus AS. Båtane er teikna av Vik Sandvik AS på Fitjar. Skroget til Østervold-trålaren skal lagast i Vyborg i Russland og kjem til Fitjar i august.