Kvinna frå Bergen følgde med på trekninga laurdag kveld, og vart sjølvsagt over seg av begeistring då ho prikka inn sju rette Lotto-tal og vann førstepremien på nesten 4,2 millionar kroner. Men då telefonen kom frå Norsk Tipping, viste det seg at gevinstsummen var dobla til 8,4 millionar.

— Kva er det du seier? Oj! Eg har jo levert to gonger, jo, sa kvinna då «tabben» gjekk opp for ho.

Sporadisk tippar

Informasjonsrådgjevar i Norsk Tipping, Ørjan Svendsen, var den som fekk gje kvinna gladmeldinga over telefon.

Ho forklarte at vinnarkupongen var av den ferdigutfylte typen, og følgde med eit ukeblad. Ifølgje kvinna var det heilt tilfeldig at ho, som berre tippar sporadisk til vanleg, bestemte seg for å levere inn kupongen.

— Ho sa at ho hadde fått ei god magekjensle då ho fann kupongen i bladet, seier Svendsen.

I ein tilstand av sjokk blanda med glede kunne ikkje kvinna heilt forklare korleis dobbeltleveringa hadde skjedd, men det skuldast ikkje feil frå tippekommisjonæren si side. Vinnarkupongen var levert inn på Tippeboden Oasen to dagar på rad, den 9. og 10. februar.

Vil dele med familien

— Dette er ikkje ei vanleg hending, men heller ikkje første gang dette har skjedd. Mange ektepar spelar Lotto saman, og leverer annankvar veke. Av og til går det i surr, og dei leverer dobbelt opp, forklarar Svendsen.

Den heldige bergenskvinna er gift, og har både born, barnebarn og oldebarn som ho vil dele premien med. Her er ho på linje med mange av dei andre lottovinnarane i landet. Ei undersøking blant lottomillionærar utført av Norsk Tipping viser at 62,7 prosent av dei deler lottovinsten med borna, og 32,2 prosent deler med ektefelle eller partner.

Norsk Tipping