Den umiskjennelege eimen av avføring riv i nasa på rasteplassen ved E16 i Åsbrekkegjelet, akkurat på den tidlegare kommunegrensa mellom Voss og Vossestrand.

Vegstellet sitt offentlege toalett, av typen moderne utedo i glasfiber, er ille tilreidd. Jakob Sande sin kattedrepar, Simon i Støa, kunne neppe ha gjort det grundigare.

Dei største bitane ligg i nærleiken av fundamentet der lukta av smelta avføring er sterkast. Nokre bitar med glasfiber og isolasjon har gått gjennom eit sundsprengt gjerde og ligg i skråninga ned mot Strandaelva. Småbitar ligg spreidd over nesten heile rasteplassen. Området med bord og benkar har kome lettast frå det, men er neppe appetittvekkande matområde dei næraste dagane.

Men ein dorull overlevde.

Det portale toalettet i glasfiber har vore i bruk medan det permanente toaletlanlegget på rasteplassen har vore under oppussing, og fått innlagt straum og vatn. Meininga var at Vegstellet skulle fjerna det ein av dei næraste dagane, på ein heilt annan måte. «Hjelpa» frå den ukjende dynamittmannen fører til ekstraarbeid og politietterforsking.

Voss lensmannskontor ber om hjelp frå publikum i denne saka. Dei som har sett noko mistenkeleg ved rasteplassen natt til torsdag vert bedne om å melda frå.

RETT I DASS: Ei kraftig dynamittladning for ille med det flyttbare toalettet som har «vikariert» på rasteplassen i Åsbrekkegjelet medan det permanente anlegget vart pussa opp.
FOTO: ARNE HOFSETH