Datoen for grunnsteinsnedlegginga 2. mai 1202 skal markerast med framføring av sogespelet «Kongen og den djuptenkte».

I dag skal også ein konsert med distriktsmusikarane gå av stabelen, det skal gåast polonese, haldast barneselskap og opnast lokalhistorisk kyrkjeutstilling..

Men dette er berre dei første av ei rekke tilskipingar fram til julekonserten i desember, som alle er med i markeringa av kyrkjejubileet på Aurlandsvangen.

2. juni vert det gudsteneste på Blåskavlen, og 9. juni kjem Kongen, ikkje berre kanskje. Han har lova det. Dronninga kjem også.

Lokalhistorikaren Anders Ohnstad trur at det var sjølvaste Kong Sverre som sytte for at kyrkja vart reist. Sverre døydde i Bergen knapt to månader før grunnsteinen vart lagt på Aurlandsvangen. Mor hans, Gunhild, var av Sult-ætta i Aurland, meiner Ohnstad.

I 1177 var Sverre og Birkebeinarane ille ut i ein snøstorm i fjellet. Dei hadde vore i kamp med Erling Skakke ved Lundarvatnet på Voss, og hadde trekt seg attende til fjells. Dei tok feil av vegen, og mange miste livet i stormen, både menn og hestar. Men Sverre kom seg velberga heim til mor si i Aurland.

— Det er ikkje umogeleg at han, som takk for å ha berga livet, kom på tanken om å reisa ei kyrkje på Aurlandsvangen. Andre kongar, når dei hadde vore ute i hardt vêr, ville etterpå bygga ei flott altertavle eller reisa ei kyrkje, minner Ohnstad om.

Nettsidene www.aurland.com inneheld meir om jubileet. Der kan du mellom anna gå på oppdagingsferd i den jubilerande kyrkja.