— Eg kjøpte det på ein leikebutikk i Bergen sentrum, laurdag. Eg var ikkje den einaste på min alder som handla kostyme, fortel Byrknes, som kjem frå Stord.

Laurdag kveld var dagen då dei litt eldre kunne feire halloween. Og i leilegheita til Sofie Brookes på Møhlenpris var eit tjuetals ungdommar samla.

— Han såg litt rart på meg, ja, den afrikanske taxisjåføren som køyrde meg hit i kveld, flirer Joachim Brekke.

Å ta bussen var nemleg uaktuelt for Brekke, då han skulle kome seg til halloween-festen.

Med store mengder raudt blod rennande nedover andletet, kunne nokon og einkvan bli skremd. Spesielt om du uforvarande skulle kome over han i ei mørk bakgate.

— Eg henta inspirasjon frå eit spel som vi ofte spelte då eg gjekk på folkehøgskule. «Nazi-zombies,» heitte det, forklarer Brekke.

Dauding-muffins

Leilegheita til Brookes var forandra frå eit koseleg husvære med kvite vegger og telys, til å bli ein årestad for daud og djevelskap. Serveringa var muffins pynta som daudinghovud som stod på kjøkkenbenken. Den var igjen pynta med daudinghovud.

I eit hjørne av sofaen sett djevelen sjøl, alias Stian Byrknes frå Stord. Nokre plassar bortanfor sat zombien (skrømt red. anm) Brekke saman med ein anna zombie, nemleg Henrik Lien frå Arendal.

Lien hadde pynta seg med andletsmaske og dopapir for høvet.

— Eg hadde lest på nettet korleis ein kunne pynte seg på ein rimeleg måte. Først tok eg andletsmaske på, så la eg på dopapir, for til slutt å avslutte med andletsmaske. Då krøller papiret seg, fortel han.

Handsaminga skapte perfekte arr i andletet hans.

Millionbutikk

Verten Brookes fortel at gjestene hadde gått i same klasse på folkehøgskule i Stavern.

— No er mange av oss her i Bergen, seier ho.

Deltakarane på Møhlenpris, tok halloween-feiringa ein dag på forskot.

I kveld, 31. oktober, er dagen då stygt kledde ungar går gatelangs medan dei ringjer på dører og spør om knask eller knep.

Thomas Angell, direktør for handel i HSH, seier til Bergens Tidende at dagen etter kvart er blitt viktig for handelsstanden.

— Våre anslag viser at det nok blir omsett for 100 millionar kroner i kostyme, graskar og liknande, seier han.

Samstundes legger han til at omsetnaden i samband med halloween til dømes er langt unna omsetnaden til 17. mai.