Dei fem styremedlemmene meiner sentralstyret ikkje tek granskinga av selska-pet på alvor, skriv Fjordenes Tidende.

Brevet der styremedlemene i Sogn og Fjordane gjer det klart at dei trekkjer seg, er underteikna av leiar Henry Indrebø. Han kjem frå Gulen, same kommunen som leiaren i sentralstyret, Lars Hellandsjø. Indrebø, og Sogn og Fjordane distrikt, var Hellandsjøs fremste støt-tespelarar då han tok over presidentver-vet etter Magnus Stangeland.

No har stemninga snudd. Sogn og Fjordane-styret meiner leiinga i Redningsselskapet burde følgt opp den skar-pe kritikken i granskingsrapporten frå advokatfirmaet Wikborg Rein. Sentralstyret vil i staden leggje påstandane om ukultur i selskapet bak seg, og sjå fram-over.

I eit brev som er distribuert til alle dei lokale foreiningane til Redningsselskapet i fylket, skriv styret mellom anna dette:

«Distriktsstyremedlemene er kvar for seg kome til at vi ikkje har noko meir å gjere som styremedlemer i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane. Vi seier oss leie for dette. Fleire av oss har brukt store delar av fritida vår i mange år i arbeid for Redningsselskapet.

Dette gjeld både førebyggjande arbeid og innsamling av midlar. Etter all uro og ukultur som har vore i Redningsselskapet dei siste åra, finn vi lita arbeidsglede i å halde fram. Frivillig arbeid må vere meiningsfylt og gjevande. Vi føler at dette ikkje er tilfelle lengre.»