KARI PEDERSEN

Dei må likevel dele sigeren med Steinkjer og Alstadhaug.

Ordførar Karen Marie Hjelmeseter (Sp) jublar likevel over tildelinga frå partifelle og kommunalminister Åslaug Haga.

— Når vi ikkje fekk alt, var dette ein utruleg flott pakke, seier ei nøgd Hjelmeseter.

Det nye kompetansesenteret skal få til saman 20 stillingar. Steinkjer og Sogndal blir hovudsentra, medan Alstadhaug i Nordland får ei underavdeling.

Ordføraren trur valet fall på Sogndal på grunn av de sterke miljøa kring Vestlandsforsking og Høgskulen, pluss Norge.no i nabokommunen Leikanger.

Den gode nyheita fekk Hjelmeseter i går kveld. - I morgon går flagget til topps, lovar ho.

I alt 46 stader melde interesse for å huse det nye kompetansesenteret. Den delte løysinga blei valt for å dra nytte av fleire eksisterande fagmiljø.

— God Sp-politikk!

— Kva er god Sp-politikk - å smørje tynt utover?

— Nei, å satse så stort på distriktsutviklinga. Denne satsinga vert meir omfattande enn vi vart forespeila. Vi trudde kampen stod om 10 stillingar, no får dei tre totalt 20.

På Fosshaugane Campus står kontora klare for dei nye distriktsutviklingsekspertane. Etter planen skal dei vere på plass frå årsskiftet.