Ifølgje avisa Firda gjekk opplegget ut på at deltakarane skulle gå rundt eit juletre på scena. Kvar gong musikken stoppa, skulle deltakarane kaste eit plagg.

Diskoteket lokka med sydentur i premie til vinnaren, og sju-åtte deltakarar stilte opp.

Fleire av dei avslutta gangen rundt juletreet straks dei forstod opplegget, men nokre heldt fram. Ei 18-20 år gammal jente stod til slutt att som vinnar, i berre trusa.

— Opplegget var heilt frivillig. Eg syns det var heilt greitt, seier dagleg leiar for Smuget, Fred Reiersen, til avisa.

Han avviser at det var snakk om eit strippeshow, og meiner folk må stå for eigne haldningar sjølv om dei ikkje er edru.

— Vinnaren var slett ikkje overstadig rusa, seier Reiersen.