Og direktoratets distriktssjef i Bergen, Magne Rødland er nøgd med tilbakemeldinga han har fått.

— Ifølgje selskapet blir det arbeidd intenst med saka, og ønskjer å koma fram til betre prosedyrar på området. Det gjer meg rolegare, seier Magne Rødland til Bergens Tidende.

Inntil i går var ikkje Rødland nøgd med forklaringane frå HSD på kva som skjedde då Flaggrutens MS «Draupner» gjekk fullasta frå Flesland til Sunnhordland 13.oktober.

Distriktssjef Rødland avviser at Sjøfartsdirektoratet har truga HSD med å ta bort passasjersertifikata dersom ikkje rutinane i selskapet blir betra.

— Det har ikkje kome eit konkret trugsmål frå oss i denne saka. Likevel heng det alltid eit krav over reiarlaga – som det heng over alle som køyrer bil – om å følgja opp overordna intensjonar og krav, seier Rødland.

Magne Rødland gjer det heilt klart at MS «Draupner» ikkje har høve til å ta om bord ein einaste passasjer ut over maksimumsgrensa på 358. På den aktuelle kveldsturen frå Flesland 13.oktober skal det ha vore 361 eller 362 passasjerar om bord.