I Samnanger røysta færre ved ordførarvalet enn ved det ordinære kommunevalet. I Selje stemde nokre fleire. Men valdeltakinga i begge kommunane ligg under gjennomsnitta for Hordaland og Sogn og Fjordane. Og i Ølen i Rogaland var oppslutnaden om direktevalet tre prosentpoeng lågare enn deltakinga i lokalvalet.

— Ingen av dei erfaringar vi har gjort, støttar teorien om at dette skal auke valdeltakinga, seier administrasjonssjef i Samnanger kommune, Tone Ramsli, til Bergens Tidende.

Samnanger er ein av kommunane som har gjennomført direkteval begge gongene prøveordninga har eksistert. Verken i 1999 eller i år opplevde dei at veljarane strøymde til vallokala.

Under 60 prosent

Nettopp større interesse og engasjement rundt lokalvalkampen var eit av dei viktigaste argumenta då prøveordninga med direkteval blei gjennomført første gong ved valet i 1999.

Ved årets val deltok under 60 prosent av veljarane ved kommunevala i Selje og Samnanger. Snittet for valdeltaking i dei to fylka var over 61 prosent.

I Samnanger røysta 59,1 prosent på ein av dei fire ordførarkandidatane. Ved partivalet var valdeltakinga 59,3 prosent.

— To av listene, Arbeidarpartiet og Bygdelista, stilte ikkje ordførarkandidat. Ein av teoriane er at nokre veljarar som brukte desse listene, ikkje har stemt ved ordførarvalet, seier Ramsli.

I Selje stemde 59,2 prosent på ein av dei seks ordførarkandidatane. Ved det ordinære kommunevalet la 57,8 prosent av dei røysteføre stemmesetelen i valurna.

— Vi har ein ørliten reaksjon. Det tolkar eg slik at deltakinga ville vore dårlegare om vi ikkje hadde hatt direkte ordførarval, seier Selje-ordførar Gunn Helgesen.

- Gidd ikkje

Ho vann direktevalet med klar margin, og vil jobbe aktivt dei neste fire åra for å få opp valdeltakinga.

— Eg trur ikkje lenger det er hjelp i å starte nokre månader før valdagen med å få folk til å bruke stemmeretten. Dette er noko vi må jobbe med kontinuerleg, ikkje minst i forhold til ungdommen, seier Helgesen.

Ho er sterkt uroa over den dårlege valdeltakinga.

— Dette med direkte ordførarval er ein ting. Men det må mykje meir til, meiner KrF-ordføraren i Nordfjord-kommunen. - Vi må bli flinkare til å setje det vi har i perspektiv, og samstundes vere takknemlege for det vi har. Eg opplever situasjonen slik at dei som har det godt ikkje gidd å bruke stemmeretten, seier Helgesen.

Omkamp i Ølen

— Sjølv om færre tok del ved direktevalet enn ved dei andre lokalvala, har vi likevel jamt over hatt høgare valdeltaking enn nabokommunane, seier Ølen-ordførar Arne Bergsvåg.

Den relativt ferske Rogaland-kommunen valde ein annan modell enn dei to lenger nord på Vestlandet. I Ølen blei det stilt tre lister med ordførar- og varaordførarkandidat. Innbyggjarane kunne velje mellom ein av dei tre «pakkane». Men då ingen fekk over 50 prosent oppslutnad, går dei to med flest stemmer ut i omkamp. Tilbake på val står duoen Arne Bergsvåg (Sp)/Peder Lothe (H) og Rune Hetland (Vikebygd bygdeliste)/Torstein Hauge (Ap). Omvalet skjer alt førstkommande måndag.

VIL HA OPP VALDELTAKINGA: I Selje kommune stilte seks ordførarkandidatar til val. Gunn Helgesen frå KrF (i midten i fremste rekkje) vann direktevalet med klar margin, og vil jobbe aktivt dei neste fire åra for å få opp valdeltakinga.<p/>ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH