Kva «VM i Jolaøl» står for, er valfritt; vossameisterskap, vestlandsmeisterskap eller verdsmeisterskap. 30 deltakarar hadde meldt seg på. Dei kom frå Voss, Hardanger, Bergensområdet, Osterøy og Sogn og Fjordane.

Lars Gjelland er frå Bordalen, same grenda som Rongastovo ligg i. Ølet som han brygga saman med Kjell Ove Lid, gjekk til topps i tevlinga. Med andre ord ein klar heimesiger.

Også bronselaget, Brynjulf Olde, Ivar Haug og Eirik Bryn har sterk forankring i Bordalen.

Andrepremien gjekk til Nestås Bryggjelag på Dalane ved Bulken.

Den vidare rekkefølgja i ti på topp: 4. Kari Møen, Voss, 4. Lars Herheim, Vossestrand, 6. Atle Holgar og Robert Smith-Hall, Valestrandsfossen, 6. Bjarne Kristiansen, Voss, 8. Harald Slettemark, Voss, 8. Georg Parmann, Petter Lund og Rolf Hjertholm, Godvik, 10. Frank Hellesnes og Lars Jersin, Voss.

Nils Henjum frå Leikanger vann loddtrekkinga om deltakarpremien, ein sekk med malt. Han har dermed hovudingrediensen klar til påskeølet sitt.

Rongastovo har Vossameny og Vestnorsk kulturakademi med på laget i denne tevlinga om beste heimebrygga juleølet. Meisterspelemannen Leif Rygg leia tevlingane, ispedd historier og felespel. Også visesongaren Jon Aske underheldt.

HEIMESIGER: Kjell Ove Lid (t.v.) og Lars Gjelland fekk flott diplom for beste juleølet 2005 overrekt av ÅgotHimle. FOTO: JON ARVID HIMLE