Det er første gong på mange år at kyr har fått vera med på «missetevling». Hestane har rådd grunnen sidan Utstillingsplassen på Vetleflaten måtte vika grunn for omsorgssenter.

Tradisjon sidan 1858

– Men i år er det 150 år sidan den første husdyrmønstringa på Voss, den første i Hordaland var det også. På eit jubileumssjå er det gildt å kunne gjera stas på kua, seier Arild Himle i tilskipingsnemnda.

I moderne landbruk er det mjølkeevna som tel, ikkje utsjånad og beinstilling. Utviklinga har gått i ei anna retning enn i tider då fesjå vart halde høgt i hevd. Likevel stilte vosøabendene med ni kyr som tilskiparane måtte spandera førstepremiesløyfe på.

Flest hestar

Guro Sofie Gjelland vart utrop til «Dagens mønstrar», der ho leidde staskua Fagerlin framfor publikum i ridehallen på Voss jordbruksskule.

Hestane er i klart flertal på mønstringa. Ei rekke av dei vart dekorer med sløyfer i dag. Hoppene må verta til mønstringa held fram i morgon.

Men først skal det vera fest for tobeinte i kveld.

**Sjå også:

Frida Irene Meyer har sendt oss fleire bilete frå husdyrmønstringa**

arne hofseth
STASDROS: Guro Sofie Gjelland vart utropt til «dagens mønstrar» då ho førde fagre Fagerlin gjennom ridehallen.
arne hofseth