Onsdag var det Anita Apelthun Sæle som var ekstra hardt råka. Den namngjetne stortingsrepresentanten og redaktørkona frå Sotra måtte rømma frå ein valdebatt i Kristiansand.

No er det ikkje fyrste gong at kjende politikarar reiser seg og går dersom dei er debatten ikkje tek den retninga som politikarane ønskjer.

Den mest kjende episoden skriv seg attende til tidleg på 80-talet under Falklandskrigen. Den britiske forsvarsministeren John Nott kasta mikrofonen og gjekk rett framom nasen på BBC fordi han ikkje likte det nærgåande spørsmålet til reportaren.

Her heime går det også fleire historier om korleis Gro Harlem Brundtland bruka å marsjera ut med stram rygg utan å svara pressefolk. Det skjedde når dei ikkje formulerte spørsmåla slik ho ville.

Men etter det eg forstår var det ikkje fordi spørsmåla vart så nærgåande at Apelthun Sæle fann det best å reisa seg og gå.

Nei, på Cristianssand Protestfestival vart det for mykje for Anita då debattleiaren slengde eit par kraftige, lyseraude dildoar på bordet framom henne.

Først då bordet var rydda for kunstige hjelpemiddel, roa den opprørte KrF kvinna seg slik at ho kunne ta plass i panelet att.

Der fann ho støtte hjå ei anna sjølvstendig Vestlandsdame, filosofen Nina Karin Monsen.

I følgje avis-reportasjane meiner ho at sex er som eit rusmiddel. Det øydelegg heile kjærleikslivet.