Eigil Lehmann har gjort ein storveges innsats for norsk mål og norsk kultur og er ein av dei mest særmerkte og kunnskapsrike menn i det norske kyrkje— og kulturlandskapet. Som prest har han teologisk embetseksamen, men mykje av språkkunnskapen har han tileigna seg på eiga hand. Han er såleis kunnig i latin og gresk, engelsk og tysk, fransk, svensk, dansk, gammalnorsk, islandsk og færøysk.

I samband med jubileet er det gjeve ut ei samling av dikta hans i utval av Jarle Bondevik, men den vesle boka speglar likevel breidda i diktinga hans.

Las eigne dikt

Eigil Lehmann las fleire eigne dikt på samlinga i går, og eit av dikta, «Barnet», er særleg vakkert og viser hans kjærleik til menneske, og ikkje minst Gud:

«Eit menneskebarn er ein heilagdom,eit ukrenkjelegt Herrens tempel,ein Paradis-hage med eldkjerubarmed sverdi fellte i kross:

Ikkje lenger fram her!Her skal de stogga!Dette høyrer Vårherre tilog ingen av oss.»

Og heilt til slutt:

«Lat soli få skina på hanlat regnet tvætta han reinmen rør ikkje sjølv med uvigd fingerden heilage offerstein.

For menneskebarnet er gudvigt,merkt av ein heilag kross.Barnet høyrer Vårherre tilog ingen av oss.»

Strevsam dag

— Far har tala om denne dagen i mange år og har gledd seg stort, sa dottera til jubilanten, Frøydis Lehmann.

Dagen i går vart nok strevsam, for det gjekk slag i slag med feiring. Innimellom slaga sov jubilanten litt, for kreftene må vara minst i eit år til. For som han sjølv seier: Han har gjort avtale med Gud om å leve til han vert 101 år!

Eigil Lehmann har gjennom eit langt liv kjempa for Ivar Aasens arv og av norrønt mål. Han er presteson, fødd i Bergen kor faren Henrik Lehmann var sokneprest i Sandvikskirken. Seinare flytte familien til Gjerstad i Aust-Agder der faren vart prest. Eigil valde og presteyrket, og han var prest i 46 år, frå han i 1930 vart hjelpeprest på Modum.

Målstrid

Han var sokneprest i Skjold i Ryfylke frå 1937 og kom til Bergen i 1958 då han vart res.kap. i Birkeland prestegjeld i Fana. Han vart sokneprest i Nordås prestegjeld i Fana i 1971 og tok avskil i 1976.

I norsk målstrid har Lehmann vore ein markant person, og har gong på gong åtvara mot oppløysinga av norsk mål. I mange år var han med i styret i Vestmannalaget, han var med og skipa Ivar Aasen-sambandet i 1965, var med i styret og vart seinare formann i mange år. I Norsk Bokreidingslag, som vart skipa i 1939, var han med både i styret og i litteraturnemnda. Han har og vore med i Norsk Måldyrkingslag og i styret for Halldor O. Opedals fond.

Heiderslagsmann

Eigil Lehmann er sjølvsagt heiderslagsmann i Vestmannalaget (det vart han på 70-årsdagen) og i Vestlandske Mållag.

Siste verket av Eigil Lehmann er ikkje heilt ferdig, ei hebraisk-norsk ordbok for Det gamle testamentet på fleire tusen sider. Men det kjem nok.

GRIPANDE: 100 år gamle Eigil Lehmann sette stor pris på diktsamlinga som kom til den store dagen og las sjølv fleire av dikta sine. Til høgre dottera Frøydis Lehmann.
Brekke, Eirik