– Det er utruleg frekt, seier entreprenør Svein Bergh til Vestnytt.

Han har ved to høve opplevd at lastebilane hans har vorte tømde for diesel om natta. For to veker sidan vart han fråstolen 350 liter drivstoff til om lag 3.000 kroner.

Også ESP Gjenvinning i Sund har opplevd at frekke tjuvar tømmer lastebiltankar for diesel om natta. Han opplevde tjuveri seinast natt til litle julaftan, og eit anna tjuveri for to veker sidan.

– Me kjem no til å montera kamera der me parkerer lastebilane. Det er me berre nøydt til, seier Harald Ekren i firmaet.

Han trur det er ein diesel-bande på ferde, og at dei høge drivstoffprisane driv folk til å verta tjuvar.

– Det har skjedd for mange tjuveri i det siste for at det kan vera ein privatperson som driv på med dette. Det må vera nokon som treng mykje diesel, til dømes ein som driv i transportbransjen, seier han.