Ei tragisk ulukke sommaren 1999, samt fleire nesten-ulukker, er bakgrunnen for at Oldedalen Skysslag vil erstatte den tradisjonsrike hesteskyssen med spesialbygde bilar.

Men skysslaget ventar storm når dei no pensjonerer ein meir enn hundreårig tradisjon med fjordhest som hovedtransportmiddel i Briksdalen.

Exit all hesteskyss?

Stryn er etter Bergen den største turistkommunen på Vestlandet. Briksdalen er juvelen blant attraksjonane i kommunen, med sine cirka 220.000 besøkjande i 2002. Og i år ventar turistnæringa rekordbesøk av cruiseskip-turistar til området.

— For mange av dei besøkjande er nettopp hesteskyssen eit høgdepunkt i opplevinga av Briksdalen og breen. Korleis kan de finne på å erstatte fjordingen med dieselvogner?

— Vi forstår at det sikkert vil komme reaksjonar. Omlegginga skjer på grunn av ein ting, og det er omsynet til tryggleiken, seier leiar Rune Aabrekk i Oldedalen Skysslag.

— For oss har dette vore ei vanskeleg sak, men ulukker og uhell har gjort mange skyssførarar skeptiske. I ytste konsekvens kan det vere snakk om å legge ned all hestetransport frå Briksdalsbreen Fjellstove og opp til breen.

Etter å ha vurdert ei rekke alternativ, inkludert el-motor, gassdrift og sågar ein kombinasjon av motorkraft og hest, har skysslaget valt å prøve ut ein variant frå traktorprodusenten John Deere.

I går ettermiddag var det første av totalt seks køyretøy på plass i Briksdalen; ein safari- eller golfbil-liknande, dieselmotorisert doning. ProGator er namnet, og seks bilar er bestilt - fire av dei skal stå klar frå sesongstart rundt 1. mai. Skysslaget vil køyre dei tresylindra motorane på biodiesel, og prøve å halde nede støyen med ekstra lydpotter og demping.

Ikkje negative reaksjonar

Men skysslaget vil ikkje fjerne fjordhesten heilt frå Briksdalen, og årets sesong vil bli eit prøveår der dei vil kombinere hest og dieselkraft.

— Uansett vil vi alltid ha fjordhestar i Briksdalen, og dette første året vil vi køyre skyssen med både hest og bil, seier Aabrekk.

— Så får vi vurdere det på nytt etter prøveåret.

— Kva seier dei store turoperatørane til at det kan bli slutt på hestetransporten?

— Også dei set tryggleiken for dei besøkjande i første rekke, og så langt har vi ikkje fått negative reaksjonar, seier Rune Aabrekk.

ERSTATTAR HESTEIDYLL: Den første av i alt seks spesialbygde bilar var på plass i går ettermiddag. Doningen har dieselmotor og plass til sju passasjerar.
Foto: ØYSTEIN TORHEIM