— Diamantane låg i ein fôra konvolutt i safen, med sertifiseringsbevis og alt. Dei var små, men slipte og forseggjorte. Ifølgje dei siste verdivurderingane var dei verd ein stad mellom 20.000 og 50.000 kroner. Men det er mange år sidan vi hadde diamantane til taksering, seier Geirmund Nes ved Hardanger Feriesenter.

Dei to små og blanke steinane låg i safen inne på kontoret. Når tjuvane først hadde kome seg inn i bygget, var det ingen kunst å kome vidare inn i safen. Han stod vidopen.

Ingen visste om steinane

— Ein rein glipp, sjølvsagt. Men vi har ikkje hatt innbrot på tre år. Vi stengde butikken tidleg måndag, og hadde tenkt å kome attende seinare på kvelden. Så vart det ikkje til at vi gjorde det likevel, seier Nes.

— Kvifor hadde de diamantar liggjande på campingplassen?

— Dei vart kjøpt for ein ti års tid sidan, som eit investeringsobjekt. Du kan godt seie at dei skulle vere ei lita økonomisk sikring for bedrifta. Det er veldig trasig dette, seier Nes.

Han trur ikkje tjuvane har visst om diamantskatten.

— Det var absolutt ingen som kjende til steinane, seier Nes.

Inn gjennom vindauget

Tjuvane kom seg inn i bygget ved å fjerne listverket rundt eit vindauge. Vel inne braut dei opp kassaapparatet og tok med seg fire-fem tusen kroner i kontantar, ifølgje Nes.

Dei forsynte seg også med knivar og litt andre varer frå butikken, før dei forsvann både med pengar, knivar og diamantkonvolutt.

Innbrotet vart oppdaga først tysdag formiddag, men må ha skjedd ca. kl. 01.00 på natta.

— Kassaapparatet viser at tjuvane har vore borti knappane klokka 01.08, seier Nes, som kjem til å kontakte diamanthandlarar og gullsmedar i håp om å spore opp dei verdifulle steinane.