På 60-talet vaks det opp ei jente i Nesbyen som ikkje kjende seg heime i sin eigen kropp. Jenta vaks til og vart mor, men alt var likevel ikkje som det skulle. For vel ti år sidan gjekk Stein Wolff Frydenlund gjennom operasjonen som let kroppen samsvare med slik han alltid hadde følt seg. No er han bestefar til to og kjempar for transpersonar sine rettar som leiar i transpolitisk utval i Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH).

— For å kunne bli den eg alltid har vore måtte eg gjennom langvarig psykiatrisk utgreiing. Det var ein tøff og krenkjande prosess. Det paradoksale er at eg gjennom heile prosessen var meddommar i Bergen Tingrett, medan eg måtte få ein psykiatrisk diagnose for å kunne avgjere mitt eige kjønn, seier Frydenlund.

Frydenlund starta prosessen med psykiatrisk utgreiing og kjønnsbekreftande behandling i 1999. I 2003 fekk han endeleg nytt personnummer tilpassa hans endra juridiske kjønn. Sjølv om det for han har gått bra, rettar han skarp kritikk mot svakheiter i denne ordninga.

Portvakt

— Slik det er no er ei lita gruppe helsepersonell portvakter for personar som ønskjer å endre sitt juridiske kjønn. Dei som vert avvist har ingen rett på ei andre vurdering, og prosessen som ein må gjennomgå for å få behandling og endring av juridisk kjønn opplevast som nedverdigande, seier Frydenlund.

Etter gjeldande forskrifter og forvaltingspraksis kan transpersonar berre endre juridisk kjønn etter medisinsk, kjønnsbekreftande behandling som inkluderer sterilisering eller kastrering.

— Vi ønskjer ei desentralisert utgreiing med regionale senter med sexologisk kompetanse, der alle transpersonar kan søkje hjelp og rettleiing. Psykiatrien manglar den sexologiske kompetansen og endar opp med å sjukeleggjere noko som i utgangspunktet er ein del av det naturlege mangfaldet, seier Frydenlund.

Avdelingsleiar ved Nasjonal behandlingsteneste for transseksualisme, Ira Hebold Haraldsen støttar LLH sitt ønskje om eit desentralisert tilbod til transpersonar i Norge.

— Store delar av denne pasientgruppa står heilt utan eit tilpassa helsetilbod. Transpersonar er ei svært variert gruppe menneske, og den behandlinga vi tilbyr rettar seg berre mot ei lita undergruppe, seier Haraldsen.

Unødig diskriminering

Eit stort problem for transpersonar er at mange må leve med juridisk kjønn som skil seg frå deira kjønnsuttrykk.

— På apoteket, biblioteket, passkontrollen og alle situasjonar der ein må identifisere seg med pass eller personnummer kan det oppstå problem og diskriminering. Vi blir stadig identifisert ut frå kjønn, også der det er heilt irrelevant. Kva betyr mitt kjønn når eg låner ei bok på biblioteket? Helst skulle personnummer vore kjønnsnøytrale, seier Frydenlund.

Kommande veke skal Folketinget i Danmark stemme over ei lovendring som opnar for at transpersonar kan endre juridisk kjønn ut frå eiga erklæring av kjønnsidentitet. Interesseorganisasjonar for transpersonar jobbar for å at transpersonar i Norge skal få tilsvarande rettar.

— Du skal ikkje trenge ei psykiatrisk diagnose for å kunne vere den du er, seier Frydenlund.

Brot av menneskerettar

Amnesty International har ved fleire høve kritisert Norge si behandling av transpersonar. Amnesty ser kravet om sterilisering for å endre juridisk kjønn som eit brot på menneskerettane. Nyleg har også Verdas helseorganisasjon slått fast at tvungen sterilisering eller kastrasjon strider mot kroppsleg integritet, rett til sjølvbestemming og menneskeverd og kan bidra til å forsterke diskriminering mot transpersonar.

— I Norge i dag må transpersonar gje avkall på råderetten over eigen kropp for å kunne leve som den dei er. Mange i Norge, inkludert politikarar, er ikkje klar over dette problemet, seier Frydenlund.

— For meg personleg var det ikkje eit stort problem. Eg hadde eit barn frå før og nærma meg slutten av fruktbar alder, men for mange er dette eit overgrep, seier Frydenlund.

Komplett gjennomgang

Ei ekspertgruppe utnemnd av Helsedirektoratet er no i ferd med ein komplett gjennomgang av situasjonen til transpersonar, inkludert helsetilbod, krav til sterilisering og prosedyrar kring endring av juridisk kjønn. Juristar, psykiatrar, legar og representantar frå ulike interesseorganisasjonar skal utarbeide ein rapport som vert overlevert Helsedirektoratet i januar 2015

— Det er for tidleg å seie noko om våre anbefalingar, men mykje tyder på at det må skje endringar her, tilsvarande det som skjer i mange andre land. Endring av juridisk kjønn er det ikkje ein gong lovregulert i Norge, men følgjer forskrift og forvaltingspraksis. Krav om sterilisering er ikkje definert i forskrift, men følgjer forvaltingspraksis. Det er eit svært inngripande krav som ikkje er støtta av lovgjeving, seier jurist og leiar i ekspertgruppa, Kari Paulsrud.

Stein Wolff Frydenlund har klare forventingar til ekspertgruppa sitt arbeid.

— Eg forventar at dei går inn for å oppheve kravet om sterilisering, eg forventar at dei vil gjere det enklare å endre juridisk kjønn, og eg forventar eit betre behandlingstilbod som gjeld alle og som kan tilby behandling tilpassa den enkelte, seier Frydenlund.