• Kommunane må be om faglege råd og rettleiing. Dersom dette ikkje blir gjort, skal regionale og sentrale styremakter aktivt tilby sin kompetanse.
  • Den generelle beredskapsevna til kommunane må styrkast.
  • Kystverket skal i samarbeid med Statens Forureiningstilsyn (SFT) betre forståinga for etatane sine ulike roller og ansvarsfordeling.
  • Mattilsynet vil i akutte krisesituasjonar der andre har hovudansvaret, ta kontakt og be om all nødvendig informasjon.
  • Folkehelseinstituttet vil vurdere om deira arbeid ved kjemikalieulukker skal organiserast som ein formell beredskapsfunksjon, slik det i dag er for smittevern.
  • Det blir vurdert å innføre meldeplikt frå kommunehelsetenesta til Folkehelseinstituttet ved kjemikalieulukker som kan truge liv og helse.
  • SFT skal bli meir aktive og ta prøver og gjere analysar på eit tidlegare tidspunkt i hendinga.
  • DSB skal avklare kva forventingar som blir stilt til at dei skal ha eit ansvar for å samordne innsatsen ved slike ulukker.
  • Regionale og sentrale styremakter må syte for at nødvendig informasjon kjem fram til kommuneleiinga.