doc5z83xparu9t1lmt498zw.jpg

Alt som har med EU-saka gjere er kontroversielt i Noreg. Det gjeld også framlegget om å endre paragraf 93 om suverenitetsoverføring til internasjonale organisasjonar. Framlegget går ut på å seinke fleirtalskravet frå tre firedelar til to tredelar, så lenge det først er halde rådgjevande folkerøysting.I førre stortingsperiode fekk framlegget fleirtal på Stortinget, men ikkje de nødvendige to tredelane for grunnlovsendring. Partigruppene til Frp, Ap og Venstre er delt i spørsmålet, medan Høgre er for og KrF, SV og Sp er i mot.

Libya 2011

Eit anna viktig framlegg dreier seg om kven som skal bestemme om Noreg skal delta i krig.

Noreg har delteke i ei rekkje militæroperasjonar i utlandet dei siste tiåra. I 2011 deltok norske bombefly i ein omdiskutert FN-operasjon under borgarkrigen i Libya. Avgjerda vart tatt av regjeringa i løpet av nokre seine nattetimar, utan å involvere Stortinget. Regjeringa fekk etterpå kritikk for å ha tatt ei så viktig avgjerd åleine.

Men juridisk hadde regjeringa sitt på det tørre. Paragraf 25 i Grunnlova seier at regjeringa har kommando over norske militære styrkar. Dette vil ei gruppe representantar frå SV no endre, ved å ta inn eit tillegg om at Stortinget må samtykke.

Lokalt sjølvstyre

Endringar i valordninga er ein gjengangar, som innføring av røysterett for 16-åringar. Denne gongen er det òg føreslått å endre representantfordelinga mellom fylka for å gjere den meir i samsvar med innbyggjartalet.

Grunnlovsfesting av det lokale sjølvstyret har vore føreslått og røysta ned fleire gonger tidlegare. Denne gongen er det sett fram to framlegg om dette.

Monarkiet

ARKIVFOTO: SCANPIX

Ein annan gjengangar er framlegget om å avskaffe monarkiet og innføre republikk. Men det er vel neppe grunn til å tru at kong Harald står i fare for å misse jobben sin denne gongen heller.