For nokre år sidan spaserte ein representant for Puerto Rico på ferie i Noreg og fekk auga på det han meinte var sitt eige lands flagg som vaia over torget i Stavanger. Han blei opprørt då han forstod at det var reiarlaget Stavangerske sitt flagg, og starta ein prosess for å setja selskapet på plass.

— Det blei ein juridisk gjennomgang, for vi ønskte ikkje ein situasjon der vi var skulda for flaggkopi, seier tidlegare leiar av Stavangerske, Egil Nylund.

— Dette skjedde medan Folke Hermansen var toppsjef. Juristar slo fast at vårt flagg blei utforma mange år før Puerto Rico fekk sitt. Flagga er heller ikkje heilt like, stjerna i reiarlagsflagget står litt på kant i forhold til den i det puertorikanske, seier Nylund.

Måtte gi tapt

To gonger har Puerto Rico formelt vendt seg til Stavangerske - eller Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSB) - for å få selskapet til å endra reiarlagsflagget frå 1903.

KARIBISK: Slik ser Puerto Ricos offisielle flagg ut, der raudt symboliserer blod, kvitt menneskerettar, og blått statsmakta.

Første gong den karibiske øystaten prøvde å ta affære overfor det norske reiarlagsflagget var gjennom Utanriksdepartementet på 1950-talet, fortel Dag Bakka jr. som skreiv bok om Stavangerske til 150-årsjubileet i 2005. Også den framstøyten mislukkast for Puerto Rico, fordi Stavangerske parerte med at det norske flagget er eldre enn det puertorikanske.Flagget har blitt meir og meir synleg etter at Stavangerske i 2007 fekk aksjemajoritet i Norleds forgjengar Tide. I dag er Stavanger-selskapet eineeigar av Norled, som omfattar gamle Rogaland Trafikkselskap og HSD. Rutelaget disponerer rundt 80 ferjer og snøggbåtar kysten rundt. Søsterselskapet DSD Shipping fører Stavangerske-flagg internasjonalt på åtte fartøy.

— Artig samantreff

— I dag reiser folk mykje meir enn før, og mange har oppdaga kor like dei to flagga er. Du skal ikkje sjå bort frå at nye generasjonar leiarar frå Puerto Rico på noregsbesøk vil ta opp att saka, seier Egil Nylund.

Det har ikkje Noreg sin honorære konsul i Puerto Rico, Jose O. Busto tru på.

— Dette er berre ein artig samantreff. Puerto Rico er ikkje ein uavhengig stat, og flagglikskapen skulle ikkje vera noko problem, seier Busto.

— I mai var eg med i ein USA-delegasjon i Oslo, og såg fleire skip koma og gå med det vi trudde var Puerto Ricos flagg i masta. Artig, seier Jose O. Busto, norsk konsul i Puerto Ricos hovudstad sidan 1977.

Revolusjonær gruppe

Stavangerske-flagget blei til ved at reiarlagspersonell blei oppfordra til koma med forslag. Motivet til styrmann Ommund Thingbø vann fram. Ifølgje Dag Bakka jr. er det uklart kor Thingbø henta ideen, men basisen var Stavangerskes tre raude skorsteinsringar. På den tid var det òg vanleg med stjerner i flagget.

Puerto Ricos flagg er faktisk åtte år eldre enn Stavangerske sitt, men er offisielt godkjent som Commonwealth of Costa Rica sitt nasjonalflagg først i 1952.

Flagget har ei revolusjonær tilknyting til Cuba, noko som har skapt hovudbry for USA. Flagget kan på offisielle bygg berre heisast saman med det amerikanske Stars and Stripes.

Puerto Ricos flagg er identisk med det cubanske, berre med motsett fargekomposisjon for raudt og blått. Det var ei revolusjonær gruppe som kravde lausriving for Puerto Rico og Cuba frå Spania som først brukte flagget. I 1898 blei det eit symbol på motstand mot USAs invasjon, går det fram av nettstaden topuertorico.org.

EKSOTISK: Puertorikanarar på besøk i Noreg stussar når dei møter Norled-flagget. Her snøggbåtterminalen i Bergen. Foto: Jan M. Lillebø