I dag, fredag 14, mars, lanserer vi vår sjette lokalside på nett med eigne sider for kommunane Voss, Vaksdal, Granvin, Aurland og Ulvik. Med www.bt.no/voss håpar vi å skapa ein ny digital samleplass for folk frå dei seks nabokommunane.

Stafettpinnen frå Bergen

Sidan juni har lokallokal på bt.no brakt nyheiter, lokalhistorie, lesarbidrag, bilete og reportasjar fra Åsane på våre Åsane-sider . Sidan har stafettpinnen gått via Os og Fusa, til dei tre bergenssidene som vart lansert i desember: Arna og Osterøy | Fyllingsdalen | Fana.

No er det Voss og omland som tar stafettpinnen vidare.

Som med dei andre sidene våre, set vi lit til bidrag frå lesarane våre. Frå reportasjar laga av eldsjeler i lag og organisasjonar til førehandsomtale og informasjon av lokale revyar, konsertar, idrettsarrangement, loppemarknad og debattmøte. Ved å invitera folk i lokalmiljøet til å bidra til ein lokal nettstad, skil lokalsidene seg ut frå det bt.no elles har gjort.

Mykje av det positive som skjer i eit lokalsamfunn når ofte ikkje opp i nyheitskampen i aviser, fjernsyn eller på nett. Mange gode historier forblir ukjent, no håpar vi å få fram fleire av dei.

Skal skrive sjøl

Samtidig vil våre eigne journalistar lage reportasjar, biletseriar og filmsnuttar til sidene. Dei første dagane vil vi leggje ut saker frå Voss og omland vi har laga i samband med lanseringa.

Bt sitt lokalkontor på Voss vert sentralt i satsinga på dei nye Voss-sidene.

Gratulasjonar på nett

Å trykkje gratulasjonar og bilete av jubilantar er det lang tradisjon for i Bergens Tidende. No lanserer vi også ei eiga gratulasjonsteneste på nett, der du kan helsa til kjenningar og senda gratulasjonar i høve dåp, bursdag eller bryllaup.

Tenesta vert i løpet av dagen tilgjengeleg på alle lokalsidene våre, men Voss er først ute. Tenesta ser du i menyen til høgre og her er ei direkte lenkje til leggje inn nye helsingar: Opprett ny helsing

Du finn lokalhistoria

Vi ønskjer å bidra til auka kunnskap om lokalhistorie og historiske hendingar i lokalsamfunnet. Derfor har vi knytt til oss nokre av dei som kjenner lokalhistoria i kommunane best – som i ei eiga spalte vil presentera lokalhistorisk stoff.

Sjekk spalta: Verda frå Vassvøre

Spalta "Utfordraren" er ei utfordrarspalte. Her kjem det bidrag frå vossatauser, om dei bur på Voss eller kjem frå Voss. Kvinnene får skrive om det dei vil, og utfordrar neste kvinne til å ta pennen fatt. Vi utfordra vossajazz-sjefen Trude Storhaug. Sjekk hennar bidrag: Statusrapport frå ein rotete pult

Vi har også eigne sider for Ekstremsport og Vossajazz. Første helga vil vi følgja Vossajazz tett, med reportasjar, bilete og video frå alt som skjer denne tradisjonsrike kulturhelga. Andre hendingar ønskjer vi å følgja like tett.

Sjekk sidene: Vossajazz

...og bloggar, video, webkamera

Alt dette vil kanskje inspirera andre bloggar, som vi også ønskjer å koma i kontakt med for å visa det som lever i det lokale bloggsamfunnet. Ta kontakt om du har noko på hjarta!

Webkameraet på Voss vert oppdatert kontinuerleg og supplerer dei daglege vêroppdateringane på sidene.

Turtips vil me jamnleg leggje ut her, men vi vil gjerne ha leserbidrag også her. Kjenner du ei fin turløype du vil dele med andre?Send oss bilete og tekst om turer du kjenner til.

Ta kontakt då vel!

Sjølv om vi allereie har ei god liste med kontaktpersonar og bidragsytarar, kan ei slik liste aldri bli for lang. Vi ønskjer å høyra og visa fram alt som rører seg i lokalsamfunnet og for å klare det er vi avhengig av hjelp frå dei som kjenner dette best – nemleg dei som sjølv deltek i det som skjer.

Derfor: har du tankar om faste bidrag eller tips om enkeltsaker som kan passa ei hyperlokal nettside som www.bt.no/voss, er vi alltid interessert i å ta imot tips frå alle som har noko å fortelja. Kontakt oss – på lokal@bt.no !

PS! Du kan også koma til lokalsidene for Os og Fusa ved å bruka adressene www.bt.no/os og www.bt.no/fusa .

Kanskje du berre skal leggja det til i dine favorittar eller som heimeside med ein gong...?

HYPERLOKAL: Våre nye lokalsider for Voss og omland skal være en digital boltreplass for kommunene Voss, Vaksdal, Granvin, Aurland og Ulvik.