Pengar til veg

  • Med 275 millionar kroner er E39 Kvivsvegen det største prosjektet. Prosjektet omfattar omlegging av E39 i ny trasé gjennom Kviven, med bygging av ny veg frå Grodås til Geitvika i Møre og Romsdal. Prosjektet vil gje ferjefri stamveg mellom Nordfjord og Sunnmøre, og skal stå klar i 2012.
  • 132 millionar kroner til E16 over Filefjell, over eigen budsjettpost.
  • 80 millionar kroner er sett av til prosjektet E16 Smedalsosen – Maristova – Borlaug. Prosjektet omfattar omlegging av ei strekning på 11 kilometer. Utbygginga vil fjerne fire rasutsette strekningar. Anleggsarbeidet skal starte hausten 2010, og er venta å åpne for trafikk i 2013.
  • 40 millionar kroner er sett av til prosjektet E39 Torvund-Teigen.
  • Det blir oppstart av Anda og Lavik ferjekai på E39 i 2010.
  • Seks millionar kroner til rassikring for E39 Bergen – Ålesund. Midlane vil bli brukt til mindre rassikringstiltak på E39 ved Loteberget i Eid kommune.
  • Rassikring av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden blir fullfinansiert. I tillegg er det sett av midlar for å starte rassikring av E16 i Gudvangen i Aurland kommune.
  • E39 forbi Førde får midlar til planlegging av omlegging.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet har fått planleggingsmidlar.
  • 44,2 millionar er den statlege ramma for riksveg 15 Otta— Måløy. Utbetring av riksveg 15 mellom Rise brun og Stryn aust skal starte.
  • 18 millionar kroner er satt av til å fjerneTrollebøflua i Måløysundet. Ein skal gjennomføre utdjuping under Måløybrua, med ein kostnad på 30,8 millionar kroner. Desse to tiltaka er planlagt gjennomført samtidig i eit felles anbod.
  • 18 millionar kroner er sett av til utdjuping av Leiskjærgrunnenaust for Askrova i Flora kommune.

Les alt om statsbudsjettet her.

Nøgd fylkesordførar

Fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) ser mykje positivt i statsbudsjettet.

– Vi har store uløyste oppgåver, spesielt på vegsektoren. Rammeoverføringane er stort sett i tråd med det vi hadde forventa, seier Sandal.

Han viser blant anna til at Sogn og Fjordane fylkeskommunen får ein vekst i frie inntekter på 10,8 prosent, som er høgare enn landsgjennomsnittet.

– Vi har utfordringar både i forhold til investering og drift på tidlegare riksvegar. Vi har to store prosjekt som vi meiner bør starte opp neste år: Bremanger-sambandet II og Dalsfjordbrua. Vi har ambisjonar på at dei skal vidareførast, men må sjå nærare på detaljane, seier Sandal.

Millionauke til Musea

Den totale løyvinga over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett til Sogn og Fjordane i 2010 er på 47,3 millionar kroner.

• Tilskotet til Musea i Sogn og Fjordane vert auka med 1,5 millionar kroner. Sogn Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sunnfjord Museum er konsolidert i eininga Musea i Sogn og Fjordane.

— Dette er stort sett ein kompensasjon for pris- og lønnsvekst, og er ikkje noko meir enn det vi hadde venta, kommenterer styreleiar Arne Kyrkjebø.

• Ein halv million kroner meir til Opera Nordfjord.

• Sogn og Fjordane Teater får 1,5 millionar kroner meir i tilskot.

Nytt høgskulebygg

• 251,5 millionar kroner til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Av dette skal 4,8 millioner kroner gå til etablering av nye studieplassar.

Personal - og økonomidirektør Wenche Fjørtoft ved HSF er nøgd med budsjettet. Pengane skal i hovudsak gå til den nye sentralbygningen i Sogndal, som har planlagt byggestart neste år.

— Det var som vi håpte på. Regjeringa har vidareført det dei sa dei skulle, seier Fjørtoft. I samband med tiltakspakken for høgare utdanning fekk HSF midlar til fleire studieplassar i vår. 65 av desse vert no vidareført.

  • Røde Kors United World College i Flekke i Fjaler får 27,3 millionar i tilskot over statsbudsjettet, ein auke på nær fire prosent.

Utviklingsdirektør Arne Osland seier at dette ikkje gjev skulen meir å rutte med, men at dei vil klare å halde trutt med lønnsøkningane.

Andre løyvingar

  • Helse Vest RHF får auka basisløyvingar i samband med omfordelingsmidlane på 245 millionar kroner. Det blir lagt opp til ein vekst i aktiviteten med 138 millionar kroner og ein opptrappingsplan for rus på sju millionar kroner.
  • Tiltaket for døgnkontinuerleg legevakt i Florø vert vidareført i 2010.
  • Arbeidet med tilbakeføring av Nesje skytefelt til sivile formål startar opp i 2010.
  • 3,5 millionar kroner går til forvaltning og oppsyn knytt til Breheimen nasjonalpark. I tillegg er det sett av fire millionar kroner til utvikling av naturbasert reiseliv.
  • Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap med Nærøyfjorden får auka løyvingar.
  • Stavkyrkjeprogrammet vert vidareført. Restaureringsarbeidet på Undredal stavkyrkje skal starte i 2010.
  • Selja kloster i Selje kommune er ein del av regjeringa sitt bevaringsprogramm med ei ramme på tre millionar kroner.
  • NVE skal styrkast med totalt 30 millionar kroner. Sikringstiltak skal gjennomførast i Luster i 2010.

Kva meiner du om budsjettforslaget?

Bergens Tidende