— Det er sjølvsagt vemodig, men vi går ned med flagget til topps, seier rektor Rune Dolvik ved Bergen Handelsgymnasium (BHG). Flagget vaiar i vinden av eit karaktersnitt som ligg høgt over fylkesgjennomsnittet og lovord frå både elevar og lærarar.

Tysdag vart siste dag ved BHG markert med open dag der noverande og tidlegare elevar, lærarar og andre fylte skulen. Klemmar, avskjedar og nokre felte tårer vitna om at dette var ein spesiell dag for mange. Samstundes ligg ei forventing i lufta, blanda med lukkelege minne.

— Vi hadde nokre gode og lærerike år her frå 1975- 78. Læraren vår var den første eg møtte som var oppteken av likestilling i praksis. I tillegg lærte han oss å verkeleg verdsetje litteratur, fortel Kari Riis.

Monsterskule

Elevane frå BHG er usikre på kva som ventar i nye Amalie Skram vgs.

— Det er eit lite og tett miljø her ved BHG som er veldig positivt. Eg trur ikkje det let seg attskape på ein monsterskule som Amalie Skram vgs. vert, seier avgangselev Solrun Skiplefjær.

SLUTT: Bergen Handelsgymnasium går ned med flagget til topps.
Gidske Stark
MIMRAR: - Slikt hadde vi ikkje i vår tid her, seier Kjell-Arild Andersen. Han og Kari Riis mimrar om då dei gjekk ut frå BHG i 1978.
Gidske Stark

Kvalitetane og tradisjonane sit omtrent i veggane i Kalfarveien 2, og slikt let seg ikkje overføre til ein ny skule, meiner Skiplefjær.

— Det er trist at ikkje fleire får gå her no, tykkjer ho.

Nytt og spanande

Ikkje alle elevane er like kritiske. Dei som skal vidare til Amalie Skram kan fortelje om glede og forventing.

— Eg gler meg til å starte på Amalie Skram. Det har vore veldig kjekt her, og det er leit at det vert lagt ned, men eg trur det blir veldig spanande å møte mange ulike typar elevar på den nye skulen, seier førsteklassingen Yasmin Hope.

— Eg trur vi kjem til å få utruleg god plass samanlikna med her som vi er så mange elevar i ein liten bygning, seier Sunniva Mowatt Storm.

Kvalitet og vinning

På lærarrommet er det også blanda kjensler. Mange av lærarane vert med elevane til nye Amalie Skram, men om dei klarar å overføre kvaliteten stiller dei store spørsmålsteikn ved.

— Vi prøver å sjå framover og gle oss til ein ny kvardag på Amalie Skram vgs. Samstundes er det trist at politikarane vel å leggje ned den beste skulen i Bergen. Det vil ta lang tid å byggje opp att kvaliteten vi har jobba fram her, seier Inge Turøy.

Andre bekymringar lærarane set ord på er korleis dei skal klare å ta vare på elevane og hindre at dei druknar i mengda.

— Eg har sjølv ein 10.-klassing heime, og eg spør meg korleis møtet med ein så gigantisk skule blir for desse elevane, seier Lisbet Ystanes.

Ny æra i ny skule

Bygget BHG forlet i Kalfarveien 2 skal pussast opp for 12 millionar kroner og takast i bruk av vaksenopplæringa frå hausten 2015. Slik lærar Bianca Førlandsås ser det, er det ein skjebnens ironi at politikarane først no har funne desse midlane.

— Vi spør oss om det eigentleg er kvalitet som står i fokus i denne omlegginga eller om det er sparekniven som rår hos politikarane. Det kan tyde på det siste, meiner Turøy.

Frå politisk hald er Amalie Skram i ferd med å ta form som symbolet på den nye skulestandarden.

— Ein ny skule i ein framtidsretta bygning unner eg elevane og dei tilsette. Det markerer starten på ein ny æra i fylkeskommunen si satsing på skule, seier leiar i utval for helse og opplæring i fylkeskommunen, Roald Steinseide.