• Eg elska han. Det var eit sjokk at han begynte å slå, ein forferdeleg situasjon, seier 29-åringen.

«Ana» fall pladask for ein flott nordmann som var på ferietur i heimlandet hennar. Først budde paret saman i eit land i Sør-Amerika i eit år, deretter flytta dei til Norge. Då var ho gravid. Han begynte å drikke, meir og meir. Det er vanleg i Norge, forsikra han.

— Bad eg han om å slutte, svarte han at «dette er mitt land, mitt liv».

Når han drakk, vart han aggressiv og slo «Ana». Dagen derpå var han full av anger. Lovte å aldri drikke meir, aldri slå meir. Men etter eit par dagar var det på'an igjen.

  • Eg elska han. Det var eit sjokk at han begynte å slå, ein forferdeleg situasjon, seier den vevre 29-åringen.

Ho mista barnet i femte månad, og kjærleiksforholdet endte på Krisesenteret i Bergen. Dette har vore heimen hennar i to månader.

Alarm

Krisesenteret i Florø slår no alarm om ei utvikling der stadig fleire kvinner med utanlandsk bakgrunn bur stadig lenger på krisesentra. Ofte med ungane.

  • Kvinner med minoritetsbakgrunn har lengre opphald enn norske. Dei manglar nettverk. Vi har døme på kvinner som har vore her i eitt år, seier leiar Wenche Skorpen Hovland.

Utanlandske kvinner som må søkje tilflukt på krisesenter, blir ofte buande i månadsvis. I Sogn og Fjordane er nær 90 prosent av bebuarane frå utlandet.

Nær 90 prosent av kvinnene som hittil i år har budd på Krisesenteret i Sogn og Fjordane, har bakgrunn frå utlandet. I fjor utgjorde dei rundt 70 prosent.

Dagleg leiar for det nasjonale Krisesentersekretariatet, Tove Smaadahl, seier dei registrerer same utvikling over heile landet.

  • Like sidan midt på 90-talet har det vore ein jamn auke i talet på kvinner med innvandrarbakgrunn. Men først i 2006 var kvinner med utanlandsk opphav i fleirtal.

Ei ringjerunde til andre krisesenter viser same utvikling. I Stavanger har over 80 prosent innvandrarbakgrunn, Stord like i underkant. Begge rapporterer om at butida går opp. Bergen har ikkje oppdaterte tal.

Ikkje råd til å flytte ut

I eit brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane peikar styret for krisesenteret i fylket på ei rekkje forhold som gjer opphalda langvarige. Hovudårsaka er at brukarane ikkje kjem raskt nok til offentlege kontor, og at sakshandsaminga tek svært lang tid. Dei ber no styresmaktene vurdere løysingar.

Skorpen Hovland seier dei fleire gonger har opplevd at kvinner vel å vende tilbake til valdelege menn, fordi dei ikkje får hjelp.

— Vi etterlyser eit apparat som gjer at desse kvinnene slepp å stå i kø. Slik det er no, kjem dei ikkje vidare med liva sine.

For «Ana» går dagane på krisesenteret med til lesing, TV og til å passe barna til dei andre kvinnene.

— Nokre er norske, men akkurat no er over halvparten utanlandske - afrikanske, latinamerikanske, pakistanske og arabiske, fortel «Ana».

Ho har svært lite nettverk i Bergen, og ikkje har råd til å bu nokon annan plass. «Ana» er separert og har meldt mannen til politiet. Men politiet la bort saka.

— Politiet trur eg lyg. At eg har dikta opp ei historie om mishandling berre for å få lov til å bli her i landet.

Skiftar identitet

Mange utanlandske kvinner som kjem til krisesentra, må søkje opphald på eige grunnlag. Sakshandsamingstida i Utlendingsdirektoratet gjer at mange må vente sju-åtte månader på svar.

Dei siste åra har eit aukande tal kvinner vore offer for menneskehandel og tvangsekteskap, begge er grupper som blir buande svært lenge.

Kvinner som flyktar frå tvangsekteskap må ofte søkje identitetsskifte. Dei er på flukt frå sine næraste, og blir verande fordi dei treng vern.

  • Ofte flyttar vi kvinner og barn som lever under så dramatiske forhold til andre krisesenter, seier Skorpen Hovland.

Dei som har vore offer for menneskehandel er ofte analfabetar, er sterkt traumatiserte og har behov for hjelp over lang tid.

På bar bakke

Dei som ønskjer å skilje seg opplever at det å få ein separasjonsattest kan ta to månader. Slik attest er også nødvendig for å søkje økonomisk hjelp frå Nav.

  • Mange har rømt heimanfrå i desperasjon. Dei står heilt utan økonomiske midlar og elementære bruksgjenstandar til å kunne klare seg vidare. Det er uhaldbart å måtte vente i meir enn to månader før dei er sikra økonomiske rettar til å klare seg.

Krisesentra driv for offentleg midlar. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kontrollerer budsjetta. Deira krav er at opphald på krisesenter ikkje skal vare meir enn tre månader. Sakshandsamingstida som møter brukarane gjer at målet om kortast moglege opphald ikkje let seg gjennomføre i praksis.

— Krisesentra skal ikkje vere hospits. Det skal vere eit korttidstilbod i ein krisesituasjon. Det offentlege har eit ansvar for at desse kvinnene skal få eigen bustad, seier Tove Smaadahl.

«Ana» har ikkje tenkt å bli buande i Norge. Men før ho reiser, ønskjer ho å ta utdanning - og få norsk pass, slik at ho lettare kan reise og få jobb i andre land. Gjennom krisenteret har ho fått advokathjelp.

— Ein ting veit eg iallfall sikkert: Aldri meir ein norsk mann!