Dette er kongegåva

Kongeparet får ei opplevingsgåve fra Hordaland til deira 70-års dagar.

Les også:

I år fyller Kong Harald V og Dronning Sonja 70 år. I den samanhengen vil Kongeparet få ei folkegåve i form av ei festframsyning i Oslo rådhus fredag 23. februar. Hordaland vil bli representert med «Fargespill», eit show med song, dans og musikk frå alle verdshjørna.



Frå Festspillene

«Fargespill» tek utgangspunkt i det beste born og unge bringar med seg frå heimlanda sine når dei kjem til Noreg, og gjer synleg kreftene som sameiner oss på tvers av kultur, religion og etnisk opphav. Resultatet er mellom anna dei to framsyningane «Fargespill» og «Fargelys» som er vist for eit stort publikum. Framsyninga «Fargespill» vart første gongen produsert for Festspillene i Bergen i 2005, skriv Hordaland Fylkeskommune i ei pressemelding.



Aktørane i «Fargespill» er born og unge frå ei rekkje ulike nasjonar og kulturar, og dei fleste har utspring i Nygård skole i Bergen. Nokre av dei yngste borna er nett komne til landet, og eit av deira første møte med norsk språk og kultur får de gjennom å medverke i «Fargespill». I framsyninga som er Hordaland sitt bidrag i «Opplevelsesgaven» til Kongeparet medverkar ein mindre delegasjon av aktørane.



På fjernsyn
Kunstnarisk ansvarleg for festframsyninga i Oslo Rådhus er Bentein Baardson.



«Opplevingsgaven» til Kongen og Dronninga vil bli vist på tv same kveld ho blir presentert for Kongeparet. Dei einskilde innslaga vil bli presentert fylkesvis, og like før bidrag frå kvart fylke blir det vist ein liten «skrytefilm« frå det respektive fylket. Hordaland sin «skrytefilm» er eit utdrag frå Ekstremsportveko på Voss i 2006.

Les også

Siste fra Lokalt

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Relaterte bilder

FOTO: Knut Egil Wang

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger