Biletet, som er tatt hausten 2002, er med i etterforskinga av ulykka ved Vest Tank i Sløvåg. T3, tanken som eksploderte, vart sett i produksjon i 2003.

— Med ein slik kraftig korrosjon, får du lett lekkasje. Er det tilgang til oksygen kan du få eksplosjon når som helst, seier Torfinn Havn. Han jobbar som professor II ved Universitetet i Stavanger, er konsulent for StatoilHydro og leiar i tillegg Norsk korrosjonsteknisk forening.

Han seier han er sjokkert over mengda rust på ventilen som går ut - og meiner at ei slik forfatning aldri hadde blitt tolerert offshore.

— Eg syns det er elendig. Slikt skal vi ikkje ha, og eg håpar dette ikkje er representativt for resten av tilstanden, seier Havn.

Dårleg konstruksjon

— Når du har så mykje rust, er det umogleg å bedømme kor sterk ventilen er. Heller ikkje kor sterke boltane er, seier Havn. Han meiner at rusten lett kunne vore unngått om konstruksjonen av tanken hadde vore betre.

Også aprovasjonsingeniør John Olav Nøkleby i Det Norske Veritas reagerer over innsida av tanken. Han meiner tankveggene ikkje ser farlege ut. Men mengda rust på ventilen til venstre i biletet stiller han spørsmål ved.

— Den er eg meir i tvil på. Hadde eg vore inspektør og sett dette, ville eg absolutt reagert. Eg forstår det om andre stiller spørsmål, seier Nøkleby. Han presiserer at han berre uttalar seg på bakgrunn av dette biletet.

Godkjenner ikkje sjølve

At det ikkje er nokre nedskrapingar ved ventilen, meiner Nøkleby tyder på at rustmengda ved ventilen ikkje hadde blitt målt. Mengda med rust kan i seg sjølv tyde på lekkasje.

— Sidan det er særleg mykje rust rundt ventilen, er det sannsynleg, seier Nøkleby.

Avdelingsdirektør Tom Ivar Hansen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), vil ikkje kommentere biletet, men seier at det er blant etterforskingsmaterialet til politiet.

DSB har godkjent tankanlegget, men står ikkje sjølve for inspeksjonane. BT fekk i går ikkje svar på kven som gjorde dei.

Kjemiprofessor Jon Songstad ved Universitetet i Bergen meiner rustmengdene ikkje var overraskande.

— Men med ein så gammal tank var det ikkje anna å vente. I ein kvar industri er det ikkje berre fine blomar. Eg har ei bestemt kjensle av at staten og kommunen har kome for seint inn, seier Songstad.

- Heftig

Han kallar saltsyre og rust ein heftig kombinasjon. Syra vart tilsett natta før tanken eksploderte.

— Det løyser opp rusten, og saltsyra kan angripe metallet. Då får du danna hydrogengass. Om der også er oksygen, får du knallgass, seier Songstad. Han meiner det kan ha vore medverkande årsaker til eksplosjonen.

På grunn av Sløvåg-ulykka, går DSB og Statens forureiningstilsyn (SFT) saman om felles tilsyn ved anlegg for farleg oljeavfall. DSB har tidlegare tatt sjølvkritikk for å ikkje vore gode nok til å følgje opp anlegg som Vest Tank.

Per Magne Kristiansen, som er advokat for Vest Tank og tidlegare eigar Trond Emblem, seier til BT at biletet seier lite om tilstanden i dag.

— Anlegget er godkjent, og ligg innanfor regelverket som er gjeldande for denne drifta. Tanken blei trykktesta i 2003 og 2004, seier Kristiansen.

TANKEN ANNO 2002: Fem år før eksplosjonen var dette tilstanden til tanken som eksploderte.

FOTO: PRIVAT

Privat