Men Statens vegvesen meiner samstundes at banneret ikkje er farleg for trafikken dersom reklamelogoane på kvar side vert tekne bort.

Kai-Inge Gavle, som har hengt opp banneret, skjønar ingen ting.

Kai-Inge Gavle er ein av dei som arrangerer Den store påskefesten i Odda. I år skal festen haldast 7. april i det nedlagde smelteverket i Odda sentrum.

For å marknadsføra konserten har ein av arrangørane, KIG Entertainment, søkt Statens vegvesen om løyve til å henga opp fire reklamebanner langs innfartsvegane til Odda i en kortare periode før konserten.

Då Kai-Inge Gavle søkte om løyve til å henga opp banner i fjor, fekk han avslag. Banneret var forbode og i strid med veglova sin paragraf 33. Paragrafen handlar om reklame som kan vera trafikkfarleg.

Som døme nemner paragrafen reklame som kan forvekslast med trafikksignal, vegskilt eller vegmerking eller hindra fri sikt langs vegen.

Noko forklaring på kvifor dette banneret var i strid med veglova, fekk Kai-Inge Gavle ikkje.

Klaga vart liggjande I ein e-post til Kai-Inge Gavle føreslo så dei same sakshandsamarane at han kunne to bort logoane på banneret, så skulle det nok ordna seg.

Men Gavle ville gjerne ha logoane på plass. Dei to bedriftene som er nemnde, Cubus og ein lokal bilforretning i Odda, betalar nemleg for i alt fire banner som reklamerer for påskefesten.

– Eg klaga til Vegdirektoratet. Då eg aldri fekk svar, spurde eg Statens vegvesen. Det synte seg då at klaga aldri vart sendt vidare, seier Gavle.

Søknaden i år om å henga opp banner for påskefesten i Odda, gjeld nøyaktig same banneret som i fjor. Same storleik og same innhald. Lars Øyre i Statens vegvesen Voss og Hardanger distrikt gjer det likevel klårt at dei må få tilsendt nøyaktig illustrasjon i posten. Øyre har fått biletet over sendt via e-post, men det er ikkje godt nok. Biletet er for uklårt.

Ikkje vegvesenet sitt problem – Men er det slik at Statens vegvesen nektar bruk av reklamelogoar på banner som dette?

– Nei, i utgangspunktet nektar vi ikkje slik bruk av logoar. Men vi legg vekt på at logoane ikkje drep det som er hovudbodskapen på banneret. I denne saka altså den store påskefesten i Odda. Det er viktig at dei vegfarande ikkje forvekslar det eine med det andre, seier Lars Øyre til Bergens Tidende.

– Eg skjønar mindre og mindre. Om logoane dempar bodskapen om påskefesten på banneret, så er då det arrangøren sitt problem, og ikkje Statens vegvesen sitt. Eg har snakka med juristar i Vegdirektoratet om dette. Dei slår fast at Statens vegvesen berre skal vurdera om eit plasseringa av eit slikt banner er trafikkfarleg eller ikkje. Statens vegvesen har enno ikkje sagt til meg kvifor dette banneret er trafikkfarleg, seier Kai-Inge Gavle.

PRIVAT