— Det er latskap som gjer at vi brukar dei engelske uttrykka i staden for å finne nye norske ord som kan erstatte dei. Engelsken fly inn overalt utan at vi tenkjer så mykje på det, seier direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim.

Hacking, eyeliner, food processor, wide screen og surround er nokre av uendeleg mange ord som er tekne inn i det norske språket. Dei fleste av oss forstår kva dei betyr, men gode norske uttrykk er dei likevel ikkje.

- Ver kreativ

Lonheim vil ha færre av desse og fleire av dei såkalla avløysarorda i staden for alt det engelske.

— Alle bør vere aktive og kreative på dette området. Ansvaret ligg på det kollektive samfunnet. Alle kan finne nye ord og ta det i bruk. Det er ikkje berre oss i Språkrådet som skal halde på med dette, seier Lomheim.

Ordet nakkesleng (frå whiplash) var det til dømes ei dame frå Stord som fann på. Dette var på 80-talet. Språkdirektøren vil svært gjerne ha fleire slike forslag.

— Min personlege favoritt er minnepinne. Det har ordrim og musikalitet i seg, og det vert brukt av dei fleste no, seier han.

Trongbukse og datasnok

Andre døme på avløysarord er datasnok (hackar), trongbukse (tights), heve-BH (push-up), kringlyd (surround sound) og motemolo (catwalk).

— Motemolo er er morosamt ord, konstaterer språkdirektøren.

Men han understrekar at eit språk ikkje kan dirigerast. Først når ordet festar seg og kjem i vanleg bruk får det plass i ordlista.

— Ordlista har berre plass til dei 100.000 vanlegaste. Det kan høyrest mykje ut, men eit språk har mange fleire ord enn dette, seier Lomheim

— Eit ord kan vera ypparleg utan å stå i ordlista, understrekar han.

Vil du spør etter trongbukse og heve-BH i butikken? Diskuter saka under!