Juleorkanen Dagmar vaska vekk nær to kilometer vegen til bygda Otterdal på nordsida av Hornindalsvatnet. Sidan har dei 13 innbyggjarane brukt ein ribbåt for å kome seg til og frå.

Men etter ei synfaring måndag og møte mellom fylkeskommunen, som har ansvar for skuleskyssen, og Hornindal kommune tysdag, blei det avgjort å stoppe båtskyssen.

— Vi ser ikkje transporten av skuleborn med ribbåt som trygg nok, seier fylkesdirektør Velaug Veum til Fjordingen.

Fylkeskommunen vil byggje kai i Otterdal og få på plass båt med overbygg. Fram til dette er løyst, må i alle fall familien med skuleborn få mellombels husvære i kommunesenteret Grodås.

— Det er uråd å seie kor lang tid dette vil ta, men det går nok fort nokre veker, seier ordførar i Hornindal, Anne Britt Øen Nygård.

Thore Heggen er far til fire skuleborn og ein som går i barnehage. Han opplever situasjonen som uviss, og føler seg tvinga til å flytte.

— Vi har følt at båtskyssen har fungert bra. Vi har sett tryggleiken i høgsetet og hatt både flytedressar og anna tryggleiksutstyr i båten. Det har i det heile ikkje vore noko problem, seier Heggen til nrk.no.

Fylkesvaraordførar Jenny Følling og leiar i samferdsleutvalet, Annstein Menes, var med på synfaring måndag. Dei understrekar at det no må få på bordet tal som viser kostnadene med å gi folket i bygda eit skikkeleg vegtilbod.

Skjermbilde.JPG
JAN M. LILLEBØ