Vegdirektoratet ventar elles inn rapportar om tunneltryggleiken før april månad er ute. 15. februar gjekk det ut melding til alle vegkontor i landet om å framskaffa dokumentasjon på inspeksjon av alle tunnelane på riks— og fylkesvegar. Bakgrunnen var raset i Hanekleivtunnelen i Vestfold 1. juledag i fjor.

I eit notat som Vegdirektoratet la ut på internett onsdag står det at tryggleiksinspeksjonane av nokre tunnelar på Vestlandet ikkje vert ferdig før ut på hausten 2007.

— Vi trur vi skal verta ferdige tidlegare. Men når det dreg ut med arbeidet hjå oss, så skuldast det at vi har halvparten av alle tunnelane i landet, seier regionvegsjef Ole Chr. Torpp.

Leire i Lærdalstunnelen

Det er manglande sikring av tunnelvegger og tunneltak etter kvar salve som er årsaka til at det gjekk ras i Hanekleivtunnelen, og at seks andre tunnelar i same området må stengjast for sikringsarbeid. Problema som har oppstått har si rot i særlege geologiske tilhøve knytt til det såkalla Oslofeltet.

— På Vestlandet heva landoverflata seg langt meir enn på Austlandet for om lag 60 millionar år sidan Under fleire istider vart denne heva landoverflata på Vestlandet høvla vekk av isen, slik at erosjonen gjekk lang langt djupare enn på Austlandet, som i tillegg har fleire veike soner, seier Eystein Grimstad ved Norges Geotekniske Institutt.

Inspeksjon etter kvar salve

Også på Vestlandet har tunnelbyggjarar støytt på svelleire. Grimstad nemner særleg Lærdalstunnelen, der tunneldrivarane fekk mykje ekstraarbeid på grunn av soner med svelleire. I Lærdalstunnelen vart problema forsterka av presset frå over 1000 meter fjell.

— Det tok fleire månader før fjellet hadde stabilisert seg, seier Grimstad.

Han understrekar at sjølv i fjell med svelleire kan det byggjast trygge tunnelar.

— Det som må til er skikkeleg inspeksjon etter kvar einskild salve, når sprengsteinen er køyrd vekk og fjellet reinska. Diverre har vi ofte sett at entreprenørane er altfor snare med sprøytebetongen på fjellet før inspeksjonen vert gjort, eller at det ikkje er ingeniørgeologar til stades, seier Grimstad.