EVA RØYRANE

Dei var der alle saman, i den dramatiske Bondhusdalen i Kvinnherad då Dronning Sonja løfta til side bunadsforkleet på den store kampesteinen ved Bondhusvatnet. Dronningsignaturen i gull kom til syne og dermed var Folgefonna nasjonalpark opna.

Terningkast seks

— Dette er ein stor dag. No har Folgefonna fått terningkast seks. Vi merkar alt at nasjonalparkstatusen gjer at vi ser på landskapet omkring oss på ein annan måte, seier Kai Grieg. Han var ein av dei som for meir enn 20 år sidan, gjennom Naturvernforbundet i Hordaland, tok til orde for vern av heile Folgefonna.

Han viser oss ein vakker trykksak frå den gongen, med tittelen «Drømmen om Folgefonna». Ein grundig presentasjon av dette området sine store kvalitetar, og poetiske formuleringar om det vakre landskapet.

— Det er sjeldan eg blir rørt av mine eigne tekstar, men denne er litt spesiell, seier Kai Grieg.

Bror hans, Einar Johan, som i dag er leiar i Bergen Turlag, fortel at Turlaget alt har merka auka interesse for Folgefonnområdet på grunn av nasjonalparkomtalen.

— Nasjonalparkstatusen gjer området meir attraktivt, ikkje minst blant utlendingar, seier han og gjer seg klar for turen opp gjennom musøyrekledd bjørkeskog langs Keisarstien med ski i sekken. I lag med fleire andre skal han opp på breen for å feira vidare der.

Lurlokk og huldrespel

Nasjonalparken si mor heiter Anniken Friis, ho har leia nasjonalparkarbeidet hos Fylkesmannen i Hordaland. Laurdag var det hennar jobb å leia opningsarrangementet der både miljøvernminister Knut Arild Hareide og kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland flankerte dronninga i det overstadige vårveret. Det var lurlokk og huldrespel og tre-fire hundre menneske til stades. Fonna sjølv var representert ved ein glitrande Bondhusbre på trygg avstand på andre sida av vatnet.

Ein oppriktig begeistra og engasjert miljøvernminister heldt tale for nasjonalparken. Det var han som trilla terningen og sa at Folgefonna nasjonalpark er juvelen blant alle dei norske nasjonalparkane. Og at dalane omkring Fonna er blant landets vakraste. Til stor applaus.

Hareide fortalde om då han som fjortenåring var på Fonna for første gong. Ein familie frå Mauranger skaffa både skyss og mat til brefararane. Unge Hareide var så imponert over gjestfridomen at han drakk kaffi for aller første gong. Han syntest ikkje han kunne takka nei til så gavmilde folk.

Sjekk frå miljøministeren

— Slik må de halda fram, med å ta vel vare på både naturen og dei som kjem hit for å få opplevingar. Fonna og området rundt skal framleis brukast, sjølv om det no er verna. Det er ikkje snakk om at Fonna skal leggjast på is. Eg håpar de er stolte over å bu i dette området, sa han.

Seinare på dagen opna han Folgefonna Nasjonalparksenter i Rosendal, og hadde med ein sjekk på ein og ein halv million kroner til vidare utvikling av senteret som i dag held til i ei sjøbu på kaien i Rosendal. Informasjonssenteret skal spreia kunnskap om nasjonalparken både til fastbuande og tilreisande.

Nasjonalparkfesten heldt fram i Rosendal heile dagen og kvelden med deltakarar frå alle dei fem kommunane som soknar til Folgefonnhalvøya. Dette var dagen då dei fem ordførarane var samde om at dette er starten på ei ny tidsrekning. Frå no av skal nasjonalparken medverka til meir samkvem og samarbeid på tvers av kommunegrensene. Felles utbytte av nasjonalparkstatusen. No er det det som er draumen.

Å KOMA HEIM: Å vera her ved Folgefonna er som å koma heim, sa Dronning Sonja medan ho poserte for fotografane i lag med miljøvernminister Knut Arild Hareide. Kvar sommar drøymer ho om ein fin dag på Fonna, fortalde ho. <br/>FOTO: SCANPIX