Dei grøne bakkane som vanlegvis møter ein når ein legg til land med båt er dekka til med stein, grus og avrivne trestammar. Kaien er vekke, og begge bruene over elva ligg smadra i stein og grusmassane som flommen har etterlate. — Bruene måtte ein over for å koma opp til øvrebøen der øydegarden ligg, men det var før flommen. Begge elvelaupa har grave seg nye far lenger ut mot dalsidene, slik at ein kan gå tørrskodd der bruene tidlegare kryssa elvene.

Grunneigarane Otto Gjøn og Helge Andre Gjøn er inne for å inspisera skadane. Dei meiner at slike enorme stein og grusmengder bare kan forklarast med at elva må ha blitt oppdemma av flaumvatn - både ein og fleire gonger, før demninga har gitt etter og sopt med seg lausmassane.

Ikkje råd å rydda opp

Halve Pilhaugen er vekke. - Dette er det ikkje råd å rydda opp i, seier Otto Gjøn. - Vil hestane no få nok å beita på ? Då må dei trekka lenger opp, mesteparten av nedrebøen er no ubrukeleg.

Det nye elvelaupet gjer ein farleg sving mot hytta til Fjordhestavlslaget, som merkeleg nok fekk stå.

Kikedalen var busett frå ca år 500 til 1349. Sagnet seier at den siste brukaren - Jon «Kikedalsbonden» med sine mange tenarar - årleg salta ned tre tønner med dyretunger. Han var rådriken i fjellet, sa folk. Der kom vekk for mykje smålog, både sau og geit.

Kikedalsbonden var imidlertid kjend for sine mange dyregraver , og spela på lag både med skrubben og dei naturgitte tilhøva når han jaga viltet frametter dei stupbratte fjellsidene.

Om haustane drog han til presten i Os og selde avdråtten sin. Det vart banen hans. Då han kom heim att til Kikedalen, kraup han meir enn han gjekk. Han låg berre og skreik og andverptest til han blåna av. Den store mannedauden var komen til gards, og sidan svartedauden har ingen budd. Historien fortel at det berre var 11 menneske att i heile Hålandsdalen etter svartedauden. Mykje god jord vart ledig. Det var ikkje lenger naudsynt å bryska seg mot naturkreftene i Kikedalen.