Tysdag denne veka sneik kattungen Phoebe seg med John Arne Handeland på hyttetur på Bømlo. Dei to hadde aldri møttest før.

Han hadde denne dagen køyrd frå Grov i Stord kommune, innom jobben i Leirvik og vidare til hytta på Bømlo, der han vart merksam på dyrelydar under panseret.

— På Bømlo fortalde svigerinna mi at det mjaua frå bilen, fortel han til avisa Sunnhordland.

Demonterte bilen

Då dei ikkje kunne finne katten som mjaua, tok han og familien til å demontere bilen. Det vart litt av ein jobb, med både hjul og deksel av.

UROLEG: Katten Phoebe måtte få kos i nokre timar før ho roa seg ned etter å ha vore på biltur i to ulike bilar på tysdag.
Henrik Mundal Andreassen

– Me demonterte til slutt dekselet under motoren, og plutseleg såg bror min kattungen i bakkant av motorblokka. På eit lite platå, seier Handeland.Når mysteriet om kvar katten hadde vore var løyst, oppstod eit nytt mysterium. Kven sin katt var det?

Då Handeland ringde til kollega Tor Jansen for å fortelje den utrulege historia, vart den brått endå litt meir utruleg.

— Han fortalde meg at dotter hans sakna ein liten svart kattunge. Og at katten må ha klatra inn i arbeidsbilen då den stod parkert på Grov, seier Handeland.

Katten tok overgang

Den einaste forklaringa til korleis kattungen Phoebe kunne ende opp på Bømlo måtte vere at ho først hadde snike seg med i Tor Jansen sin arbeidsbil og så over i bilen til Handeland, då dei to bilane stod parkert ved sidan av kvarandre ved arbeidsplassen i Leirvik.

— Eg køyrde fram og tilbake denne dagen, frå Grov til Leirvik og innom Heiane før eg parkerte bilen på Leirvik igjen. Kattungen har jo skifta bil på Leirvik. Eg fattar ikkje at det går an, seier Jansen

Etter den utrulege bilferda gav familien Jansen katten i gåve til familie Handeland, som miste sin eigen katt i mai.

Ifølgje den nye eigaren Handeland var Phoebe noko stressa etter dei strabasiøse bilturane, og måtte få kos i nokre timar før ho roa seg ned.