Men eg tenkjer at skulle eg koma dit hen at eg vil setja meg ned og skriva ei kontaktannonse, så burde eg kan hende fokusera på dei indre verdiane.

Dei indre verdiane. Det er altså dit eg er komen i livet mitt.

Eg er like ved å innsjå at Banco Rotto var eit blindspor, at Ricks er for ungfolar, at Privaten og Porto Fino og Café Opera er for mykje kjøtmarknad for dei halvdesperate. Og eg har nesten forsont meg med at ho eg tenkte skulle slå ned som eit lyn i meg i køen på kjøpesenteret, likevel ikkje kjem til å henda.

Eg har tenkt på turlaget. Fellesturar med håp om søt musikk og rødmande romantikk i stølsvegen i solnedgangen. Eg har sett det for meg og kjent det inni meg. To kroppar, ei sjel. Jau då, kapasiteten for lidenskap er der.

Men litt etter litt har eg slutta å tru på tilfellet, på sjansen for at to par auger skal møtast, at to tilfeldige personar skal treffa kvarandre og kjenna og vita at, jess, det er du og eg, herifrå og inn i æva!

Slik har eg teke til å tenkja på kontaktannonse, og eg skal ikkje leggja skjul på at det i byrjinga var med ei viss skam.

For eg har alltid sett på det som eit nederlag å måtta søkja etter kjærleiken i blad og avis, som om det var eit attgløymd ytterplagg. Det er for taparane, for dei utan sjarm og sjølvtillit.

Ikkje dess mindre er eg komen til at det kunne ha vore verdt eit forsøk, og det er då eg har falle i tankar om kva eg skulle vektleggja, kva eg skulle ha øvst i teksten og framheva som viktig. Kva eg skulle spara og kanskje til og med underslå.

For ei kontaktannonse er jo litt som det første møtet ved bardisken eller over kaffikoppen på kafé. Du fortel ikkje alt, du busar ikkje ut med alle tilbøyelegheitene dine første dagen. Somme vil du kan hende leggja arbeid i å halda hemmeleg så lenge du lever.

Slikt har det lett for å bli tomsnakk av, og eg ser at det hadde vore vanskeleg å koma utanom eit avsnitt om dei ytre kvalitetane. «Må vera snill og grei og langbeint». «Fint om du er samfunnsengasjert, sjølvstendig og slank». «Set pris på kvinner med godt humør og passelege puppar». Standardformuleringar med ein individuell vri som fortel litt om meg. Litt i meste laget, kan hende.

Men det får no vera grenser for kva ein skal måtta ofra til fordel for djupe samtalar og sundagar i galleri her og galleri der. Og handfullen min får ingen ta frå meg!