ARNE HOFSETH

Heretter er dei innstilte på å livnæra seg mist like mykje av snøen, som på trass av snøen.

— I dag er eg glad for at første initiativet vart mislykka, seier Lars Lirhus til Bergens Tidende.

Han fekk ikkje mange nok av dei andre grunneigarane med seg då han for 12 år sidan lanserte dei første utbyggingsplanane, med skiheis og oppstillingsplass for campingvogner.

Fine hytter

Det er eit langt meir tiltalande miljø som no trer fram i lia ovanfor Bystøl, må Lirhus vedgå.

Ei modningstid skulle til for dei andre grunneigarane. Nesten alle er no for utbygginga. Framtidsutsiktene i jordbruket er dystre. Bygdene blir fråflytta i raskt tempo. I Raundalen (langs Bergensbanen) er det berre eit par bønder att i heile dalføret.

Dessutan måtte folk med store vyer og tilgang til kapital på banen.

Og der dukka Even Hegbom opp. Son til «Eddyen», Voss sin sagnomsuste fotballkeeper, bror til tvillingane på freestylelandslaget og fallskjermhopparen som fylgde i faren sine fotspor til politiet.

Even jobbar for Møller-gruppen i Oslo. Han har fått Voss kommune til å akseptera at hytter kan ha meir enn 90 kvadratmeter golvflate. Ei hytte til vel fem millionar kroner, med garasje og anneks, er no under bygging i hyttefeltet.

Arbeidsplassar

— Eg ventar ikkje at det skal blir eit run på dørene etter treskurd, men folk kjem innom og ser etter ting til hyttene sine. Litt vil det nok drypa på meg også, seier Arne Mørkve til Bergens Tidende.

Han er ein av dei som sit og spikkar på Treskjerartunet nede ved butikken, og fører treskjerartradisjonen etter Sjur Mørkve vidare.

— Det er likevel ikkje den direkte vinninga som har gjort meg positiv til utbygginga oppe i dalen. Eg legg mest vekt på at aktiviteten gir arbeidsplassar i tillegg til jordbruket. Det gir bygda ei tryggare framtid, seier Mørkve.

Knoppskytinga er alt kome i gang. Både son og soneson til Lars Lirhus har mykje arbeid i skiheisanlegget og i hyttefeltet. Grunneigarane har skipa selskap som brøyter vegar, måkar snø av hyttetak og utfører vaktmeistertenester. Ein lærar, ein førskulelærar og ein dataingeniør tilbyr aktivitetspakkar for bedrifter og andre grupper. Eksisterande verksemder som hotell, serveringsstader og ridesenter har fått utvida kundegrunnlag.

Snøsikkert

Dei svære snømengdene i Myrkdalen har gitt skiglade gode stunder, medan bøndene har streva med å bli kvitt snøen på bøane til våronna. Dei har vore viktige avtakarar av Odda-kalk frå smelteverket som no er nedlagt. Svart kalk spreidd utover snøen gir sola betre tak på snøsmeltinga, og kalkar jordsmonnet i etterkant. Åtinga har gitt dalen opptil to vekers tillegg til ein kort, men grøderik, vekstsesong.

Langrennsløparar, skiskyttarar og skihopparar har for lengst sett nytten i snørikdom og lang sesong. Dei har etablert seg i Årmotslia og på Nyestølen. No har Myrkdalen Fjellheisar AS ordna tilkomst for dei med stålkantar på ski og brett, og for dei som vil gå lange turar innover i Stølsheimen.

Byggeaktivitet

Skiheisane er ein av mange knoppar som spring fram under paraplyen Voss Fjellandsby, der nøkkelen er eit felt med hytter og fritidshusvære, til saman 350 i talet. Seksti av hyttene er komne opp, og til våren er bygginga i gang på to husværekompleks med 12 einingar i kvart. Salet av eigedommar har gått over all forventning.

Kapasiteten på det 1500 meter lange skitrekket er alt sprengt, og eit nytt blir bygt i sommar. Det blir litt over ein kilometer langt, parallelt med dei nedste to tredelane av noverande. Seinare skal heisar i andre retningar opna opp for nye løyper. Barnetrekket med tilhøyrande skileikområde er gunstig plassert nær parkeringsplass. Rett nedanfor skal det i sommar byggjast ny varmestove med servering. Noverande provisorium skal hysa skiutleige.

BRYTNINGSTID: Narve Lirhus på den moderne arbeidshesten er på plass i jomfrueleg fjellterreng som snart blir enda lettare tilgjengeleg med skiheisar. Kløvhesten kan likevel leva vidare i Myrkdalen sin stolte treskjerartradisjon. Denne hesten er skoren av Arne Mørkve på Treskjerartunet.<p/>FOTO: RUNE SÆVIG
TRESKJERAR: Arne Mørkve i arbeid på Treskjerartunet i Myrkdalen.<p/>FOTO: RUNE SÆVIG
«KONFIRMERER» ALPINBAKKEN: Ungdommar frå Eidfjord, Ullensvang og Jondal på konfirmantleir på Indremisjonen sitt senter Helgatun, prøver alpinbakkane ved skiheisen i nabolaget..<p/>FOTO: RUNE SÆVIG
KAKSEHYTTE: Den største hytta til no i Bygardslia har også anneks og garasje i tunet.<p/>FOTO: RUNE SÆVIG