— Vi har opplevd noko utruleg rart, seier ein togpassasjer til Bergens Tidende.

Ein nær 80-årig mann reiste frå Bergen til Asker for vel 300 kroner på første klasse, men vart kravd for over 1000 kroner då han skulle heim att. Han fekk vita at NSB ikkje gir honnørrabatt på 1. klasse. Mannen finn det rolegare på første klasse i hans alder, og har alltid fått honnørbillett før.

— Det er heilt rett at vi ikkje gir sosiale rabattar utover barnemoderasjon på Signatur Pluss og 1. klasse salong, seier informasjonssjef Arvid Bårdstu i NSB til Bergens Tidende.

Både soldatar i uniform, studentar, dei med kundekort og honnørreisande må betala full pris i desse togseta, det vil seia 1071 kroner Asker-Bergen.

— Men på klassen «kontor» (tidlegare 1. klasse) på ekspresstog er det honnørrabatt, og prisen er 334 kroner på denne strekninga, seier Bårdstu.

Honnørbillet på ordinær plass (2. klasse) kostar 317 kroner.

Bårdstu fortel at honnørrabatten vart oppfunnen av NSB på 1950-talet for å fylla opp ledig kapasitet. Seinare har det vorte gjengs både i reiselivet og i andre samanhengar som kino og teater. Der honnørrabatten framleis gjeld i NSB, er han på 50 prosent. På bussar anten 50 eller 33 prosent. Flyselskap gir honnørrabatt berre på tur/returreiser, medan drosjene ikkje har slik rabatt.