Terina i Sogndal stod sentralt, som produsent av Gilde-pølsa sognemorr. Seinare viste det seg at bakterien truleg kom frå råvarer, og hadde ikkje samanheng med dårleg hygiene ved anlegget.

Gerd Signe Grinde Håre kjem aldri til å gløyme dagen dei fekk beskjed om at E.colibakterien var i Sognemorr. Det markerte starten på hennar verste år.

— Eg fekk informasjonen saman med leiinga i Sogndal. Å få dei opplysningane, og så sitje der som tillitsvald og vite kva vi no måtte fortelje til alle dei som jobba ved anlegget, kva konsekvensar det kunne få, det var ganske tøft. Det var ein sorgens dag.

— Kva tenkte du?

— Eg tenkte på arbeidsplassane våre, kva ville skje med dei? Eg tenkte på kollegaene, mange av oss har jobba saman i årevis. Men eg tenkte óg på ungane som hadde blitt sjuke og familiane deira. Vi visste kva dei hadde blitt utsette for. Eg trur alle kan setje seg inn i korleis dei har lide.

Tok ikkje telefonen

Gerd Signe Grinde Håre hadde jobba ved sogndalsanlegget i meir enn 40 år då sjokkmeldinga kom i midten av mars. Ho er hovudtillitsvald for 80 fast tilsette i Sogndal, og kring 250 andre på ulike Terinabedrifter i landet. Likevel hadde ho aldri før vore framme i media.

I ei veke etter at ho hadde fått meldinga om at smitten var funnen i to posar Gilde Sognemorr frå Sogndal, gjorde ho seg utilgjengeleg. Ho svarte konsekvent ikkje på telefonoppringingar der nummeret var ukjent. Det var det same om det var på jobb eller heime. Ho skjerma både seg sjølv og kollegaene.

Så stilte ho på pressekonferanse i kantina. For første gong i sitt liv snakka ho til journalistar. Etterpå gjekk ho med eit samla pressekorps til produksjonshallen, og viste fram maskinene der dei infiserte spekepølsene hadde blitt produserte.

— Å forhalde seg til media var vanskeleg. Nokre var veldig pågåande, men det er vel den rolla pressa skal ha. I ettertid, når vi fekk litt meir ro rundt det og kunne sjå tilbake, må eg seie at det som kom ut stort sett var greitt.

- Har ikkje lagt det bak oss

I alt 18 personar blei sjuke etter å ha ete Sognemorr, eit av dei sterkaste enkeltprodukta til Gilde. Ein av dei døydde, fleire kan få varige mein. Seinare oppdaga Mattilsynet den spesielle bakterien, E.coli O103, i fire sauebuskapar i Trøndelag. Men dei kunne ikkje slå fast om råstoffet Terina Sogndal hadde brukt i produksjonen, stamma frå desse fire buskapane. Tilsynet meinte også andre buskapar kunne vere smitta.

Gerd Signe Grinde Håre seier rett ut at 2006 har vore hennar verste år.

— Eg trur aldri vi vil gløyme det som skjedde. For min eigen del har eg aldri hatt eit slikt år før. Vi har ikkje lagt det bak oss.

— Korleis merkar du det?

— Ved kvar minste ting går det liksom ein støkk gjennom oss. Det kan vere noko så enkelt som innkalling til eit allmøte. Så tenkjer folk: Kva er det no igjen?

Vondast er tankane på dei som blei sjuke. Trøysta er at tida lækjer alle sår.

Som ein familie

Mot enden av eit trist år, kan ho også konstatere positive sider. Ho er takksam for all støtte dei fekk i lokalsamfunnet, og frå leiinga i Gilde og Terina som heile tida stod bak dei.

— Vi hadde dyktige folk rundt oss som gav gode råd, seier Grinde Håre og meiner E.colisaka har sveisa dei tilsette tettare saman.

— Etter dette veit vi kva som kan skje oss. Ingen vinn fram med å gå eigne vegar. Vi har ein kjempegod arbeidsplass, vi er som ein familie.

Like før jul kom dei første pakkane Sognemorr ut att i butikkhyllene. Som hovudtillitsvald er ho no oppteken av å sjå framover.

— Eg føler vi har god kontroll no. Vi har heile trudd at vi skal greie å arbeide oss opp att. Sjansen for at det kan bli fleire arbeidsplassar her i framtida, trur eg er god.