Statsministeren frå unionsoppløysinga framstod i eit hologram på scenen då Bergensbanen feira 100 år. Han forlangte svar frå statsråd Magnhild Meltveit Kleppa om kvar det vert av Ringeriksbanen.

Og statsråden lovar ikkje fortgang med innkortinga av togreisene mellom Bergen og Oslo i meir alvorlege omgjevnader heller.

Held seg til NTP

— Mi oppgåve er å følgja opp det Stortinget har vedteke i Nasjonal Transportplan (NTP). Det er offensivt, seier Meltveit Kleppa til bt.no.

— Det er defensivt, kommenterer Jan-Hallvard Brekko i Forum Nye Bergensbanen (FNB).

— Men det er positivt at Ringeriksbanen om sider er nemnt i NTP, legg han kjapt til.

FNB er skuffa over at pengar til planlegging er sett opp i siste halvdel av planperioden. Det betyr anleggsstart tidlegast i 2020. Utan nedkorting av reisetida, er dei redd Bergensbanen vil rotna på rot.

Ruslar på Ringerike

Framtida for banen ligg på Ringerike, der planane om snarjernveg til Oslo har gått og rusla i Kurt Foss og Reidar Bøe-takt i 151 år.

Buskerud fylkeskommune har gjort framlegg om eit offentleg eigd utbyggingsselskap etter mønster frå Botniabanen i Sverige (91 prosent stat, 9 prosent fylke/kommunar)..

— Dette brevet skal seg sjå nærare på, lovar den ferske samferdsleministeren.

— Er det aktuelt med ei bompengeordning etter Riebermodellen, som for Bergen-Arna på 1960-talet. Då betalar dei reisande same billettpris som før, men sparer nær ein times reisetid.

- Ikkje utgreidd

— Dette er ikkje utgreidd, korkje i departementet eller Jernbaneverket. Sjølvfinansiering vart prøvt på Gardermobanen, men det gjekk gale, rett nok med store overskridingar grunna lekkasje i Romeriksporten.

-Men prinsipielt...

— Prinsipielt er bompengefinansiering ein måte å forsera eit prosjekt på, eller realisera eit prosjekt som ikkje let seg realisera. Eg skal studera brevet som Buskerud har sendt, seier statsråden samstundes som ho minner om at Ringerike no prioriterer betre bilveg til Oslo.

Sat på lok’et

Den mest interessante delen av togreisa over fjellet i dag, opplevde statsråden framme på lokomotivet mellom Myrdal og Voss. Der har det nyleg vore utskifting av pukk, og lokføraren kunne gle seg over mindre risting og betre arbeidsmiljø.