Med faddarar i spissen legg studentane lystig i veg frå Den blå steinen. Ein gjeng realistar set strak kurs for ein pøbb, SV-fakultetet har laga rebusløp. På Klosteret har ei russefeiring para seg med eit utdrikkingslag. Studentane frå sam. pol. skårar ti poeng ved å byggja ein menneskeleg pyramide. Geografi har satsa på «bad taste»-kostyme.

«Jesu mor sover ikke på SAS, kanskje sover hun en annen plass», seier rebusen.

— Det er jo Mariakirken, for faen, seier ei jente frå sam. pol.

— Mariakjørkjo ligge på andra sio av bryggjo, slår ei geografistudine frå Sunnhordland ein stad, presist fast.

Ved Mariakirken gjeld det å senda eit eple rundt utan å bruka hendene, og rebusen seier: «Det er ikke opp til kongen å dømme, det er det gud som gjør».

— Tinghuset?

— Bønes. Levende ord?

— Domkirken!

— Ai, stopp, her er det, ropar ein av geografifaddarane, som til alt overmål er bergensar, då gjengen rasar forbi Korskirken på veg mot Domkirken.

Det skal ikkje vera enkelt med bygeografi heller.

Ved Domkirken skal det syngjast. Det skal diktast songar om faddarveka på tone til «Deg være ære» eller «Måne og sol», og syngjast.

Det gjeld å stå på og dikta, bord er tinga på The Scotsman og landskampen er alt i gang. Nyttar ikkje å liggja på latsida for studentar som skal gjera seg kjende.

TA EIT EPLE: Faddar Henrik Jansen (t.v.) sender eplet vidare til Andreas Roald. Tenk på dei som står sist i rekkja, seier ei jente med gru i røysta. FOTO: PAUL SIGVE AMUNDSEN
Amundsen, Paul S.