Ein vårkveld midt på åttitalet står eg og trippar utanfor jazzklubben Panorama på Stord. På innsida driv salsabandet Son Mu frå Bergen og gjer seg klare til konsert. Eg er for ung til å kome inn, men prøver likevel, og klarer til slutt å overtale vaktene til å sleppe meg forbi. Grunnen til denne iveren, er eit brennande ønske om å få sjå bassisten Yngve Moe i aksjon.

Eg såg, høyrde, og gjekk derifrå med stjerner i augo. Og hovudet fullt av bilete. Bassisten med stor B. Tonen, lyden, spelestilen, sceneutstrålinga. Eg småsprang opp bakkane. Måtte heim og øve. Eg ville også bli god. Prøve å spele fint. Like fint som Yngve Moe.

Som han inspirerte meg , har han også inspirert og tent mange andre. Både unge, håpefulle musikar spirer og garva medmusikantar. Men det fanst berre ein Yngve Moe. Å plukke dei rette tonane, slik han var så flink til, er like vanskeleg som å finne dei rette orda, no når han ikkje lenger er her.

Onsdag kveld kom beskjeden. Yngve hadde gått bort, berre 56 år gammal. Kort tid etter fløymde sosiale medium over av meldingar frå heile landet. Sjokkerte ord, sorgtunge ord, vakre ord, kjærleikserklæringar. Ord som seier det meste om kva han har betydd. Ikkje berre som djupt respektert musikar, men også som person. Raus, oppmuntrande, smålåten, vakker, ujålete, snill og omtenksam er ord som går att.

Som musikar hadde han ei utstråling som kombinerte det autoritære, groovy, med noko audmjukt og stillfarande. Han definerte på eit vis korleis ein bassist skulle vere. Såg ut som han var skapt for å stå med ein bassgitar og nikke på den svarte hårmanken i takt med musikken, mens han pumpa ut dei feitaste basslinjer. Det er heller ikkje til å nekte for at han var pen. Frå stordomstida til Dance With a Stranger går det historier om jenter som reiste i timesvis. For å oppleve bandet, sjølvsagt, men først og fremst for å sjå på Yngve Moe. Om vi andre på langt nær var like pene, fekk tanken på Yngve Moe oss til å rette ryggen når vi sa at vi spela bass. Vi kunne på eit vis sole oss litt i glansen.

Uttrykket signatur blir ofte brukt om musikk og musikarar. Dei som har sin eigen signatur, er dei du kan kjenne att etter eit par tonar. Dei som har noko originalt og unikt ved seg. Yngve Moe hadde signatur. Det er nok å nemne Dance with a stranger sin monsterhit ”Everyone needs a friend sometimes”. Melodilinja i starten, som Yngve speler på sin syngjande fretless-bass, er den alle nynnar på. Det er fleire som kan den enn refrenget. Fleire døme finn du på plata "N'te" gang med Terje Nilsen og Voksne Herrers Orkester. Ei perle av eit album, der Yngve Moe var fødselshjelpar, pådrivar og primus motor. Høyr på vakre balladar som ”Kanskje” og ”Mjelle”, der han er diskré til stades med signaturen sin. Både tonar og pausar er like smakfullt utvalt. Alltid gjort med tanke på kva som vil kle og løfte melodien best. Der musikarar av Yngve sitt virtuose kaliber ofte pøser på med alt dei kan, heldt han heller igjen, og porsjonerte ut godbitar der musikken gav rom for det.

Fødselshjelp har han også gitt til bandet Razika. I reint bokstaveleg forstand, fordi dottera Marie har gått i fars fotspor og blitt bassist. Men også som ein viktig mentor og rådgjevar for dei suksessrike jentene.

Mange år etter vårkvelden på Stord, var eg sjølv så heldig å få samarbeide med han og dei andre i Voksne Herrers Orkester. Eg må innrømme at ærefrykta var stor, så stor at den nesten stod i vegen. Skulle eg stå på scena med eit av mine aller største førebilete? Det blei ei oppleving eg aldri gløymer. Med sitt lune, inkluderande vesen tok det ikkje lang tid før Yngve hadde tatt luven av ærefrykta. Men tanken på at sjølvaste Yngve Moe sat der borte i hjørnet med bassen, gjorde at vi skjerpa oss, og strekte oss eit par centimeter ekstra.

Voksne Herrers Orkester er ein kulturinstitusjon i Bergen. Det same kan seiast om Yngve Moe. Tankane går i dag til bandkollegaene hans Steinar, Thomas og Harald, til karane i Dance with a stranger, og alle andre som har mista ein nær og trufast ven. Men først og fremst tenkjer eg på Ragni og dei to jentene hans, som har mista ein høgt elska ektemann og far.

Kjære Yngve Moe, det blir tomt etter deg, men takk for musikken og inspirasjonen. Den vil alltid vere her.

Kvil i fred.