— VÅR VIKTIGASTE OPPGÅVE er å berge menneskeliv, seier Kjell Jogerud, leiar for Åknes-/Tafjordprosjektet. Fire år etter at Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) stempla Åkneset som høgrisikoområde, trur Jogerud dei skal greie nettopp det: Å berge liv.

I Stranda ligg Beredskapssenteret som skal varsle sunnmøringane og styre evakueringa når alarmen går. Senteret er lagt høgt i bygda slik at flodbølgja ikkje skal kunne ta det.

24 timar i døgnet formidlar PC-ar resultata frå utplasserte måleinstrument i dei rasfarlege områda i Åkneset og Hegguraksla i Tafjorden ut i det store operasjonsrommet. På mobiltelefonar kan dei fire fast tilsette lese av same resultata. Skjer det ei uføresett endring i fjellet, blir dei straks varsla.

RØRSLENE I FJELLET er konstante. Sakte, men sikkert, blir Åknesrenna breiare og djupare. Enkelte stader opptil ti centimeter i året, andre to-tre.

— Det er slik at du kan sjå skilnaden. Når snøen forsvinn, ser vi at nye groper er komne til, seier Lars Harald Blikra, geologen frå Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) som har granska fjellsida. Blikra blei rundt tusenårsskiftet engasjert i prosjektet som skulle kartleggje faren for store fjellskred i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Troms, dei tre mest rasutsette fylka i landet.

— Åkneset er i dag største ustabile fjellområdet vi kjenner i landet, seier han.

Overslaga på kor store mengder som kan gli ut, varierer. Det er rørsler på store djup, truleg godt over 100 meter nede. Tidlegare overslag om ei rasmengde på 30-40 millionar kubikk er auka til 40-60. Forskarane er også samde om at forholda i fjorden gjer at flodbølgja vil vere relativt lite påverka av storleiken på raset. Skadane vil vere mykje dei same om det kjem 30 eller 60 millionar kubikk.

(Saken fortsetter under grafikken)

I DAG TRUR EKSPERTANE at eit stort flakskred vil kome innan 300 år. Før det har gått 700 år vil heile fjellsida ha kome. Men dette er ikkje nokon eksakt vitskap. Og bak all planlegginga lurer tanken på at noko uføresett skal skje.

— Eit stort jordskjelv er spøkjelset i bakgrunnen. Skal det ha innverknad, må skjelvet ha ein styrke på kring seks, og episenter ganske nær. Då kan ting skje raskare enn vi ser føre oss i dag. Slike skjelv er svært sjeldne på våre kantar. Men vi kan aldri vere sikre, vi klarer aldri å fjerne all risiko, seier Lars Harald Blikra.

Raset er alt i gang. Men før massane losnar, vil mønsteret endre seg. Første signalet vil vere ei større opning i bakkant oppe i fjellet. Etterpå vil utglidingane akselerere. Til slutt losnar fjellet, truleg nokre månader etter at måleinstrumenta har registrert raskare endringar.

— Vi trur i alle fall vi minst vil ha nokre veker på oss, seier Kjell Jogerud.

— Kor sikker er du?

— I Åkneset er det slik at vi nærast kan utelukke at raset vil kome heilt uventa. Erfaringar frå skred i Sveits og Italia tilseier at det ikkje vil skje over natta. I Tafjorden er det noko annleis. Der heng blokker som kan dette ut direkte.

NGU-RAPPORTEN om tilstanden gjorde at kommunane Stranda og Norddal slo seg saman. Politisk press gav gjennomslag for statlege løyvingar, og deretter etableringa av Beredskapssenteret. I dag har Stordal, Ørskog, Sykkylven, Ålesund og Møre og Romsdal fylke slutta seg til.

— Liknande tiltak er sett i verk i Sveits, Italia, Canada og Japan. Vi har brukt det beste av det vi har sett ute. Eg trur vi ligg langt framme, seier Blikra.

Overvaking er ikkje einaste oppgåva for Beredskapssenteret på Stranda. Alle, frå dei største bedriftene til den enkelte husstand, må lage planar for kva dei skal gjere når alarmen går. Sjukeheimar og skular må ha reservelokale trygt for flodbølgja dit dei kan evakuere pasientar og elevar. Kvar heim bør ha planar om raset likevel skulle kome brått og uventa. Slik tenking må gjennomsyre bygdelaga.

— Vi driv samfunnsplanlegging på høgt nivå, seier prosjektleiar Jogerud.

MÅNDAG STARTAR den tre dagar lange øvinga «Tyr». Då skal beredskapen for varsling og evakuering i bygdene langs Storfjorden testast. Scenariet er ein situasjon der utvidinga av Åknesrenna skyt fart, men der det framleis er tid til å flytte. Heile 50 organisasjonar, verksemder og offentlege etatar skal ta del.

— Aldri tidlegare har så mange ulike aktørar vore med på ei øving her i landet, seier inspektør Bård Olsen i Politidirektoratet, som leiar planlegginga.

STARTER ØVING: Måndag startar ei av dei største øvingane som har vore i landet. I tre dagar skal folket i Storfjorden trene på å berge seg frå farleg fjell.