— Eg kjende begge veldig godt. Det som har skjedd er heilt uverkeleg. Som eit slag i ansiktet, seier Sebastian Mørch Rafen.

— Du trur ikkje at slikt kan skje, legg Jon Kåre Skiple til.

Det er ein tung dag for dei to bak disken i skatebutikken Sessions i Strandgaten. Både Bård Sirisiy Skaale (29) og Leif Klette (31) som omkom i eit snøskred i Eikedalen fredag, var kjende personar. Begge var heilt sentrale i utviklinga av skatemiljøet i Bergen dei siste 10 åra.

— Dei hadde veldig høge posisjonar og var på mange måtar berebjelkar i miljøet, seier Rafen.

Fysak stengt Skaale jobba i Sessions i ein periode, før han tok til som vikar ved Sandviken sykehus. Klette jobba ved Fysak allaktivitetshus i Bergen, som er eit viktig samlingspunkt for byens skaterar.

— Skatemiljøet i Bergen har eskalert, særleg etter opninga av Fysakhallen, seier Rafen.

Fysak er no stengt til og med måndag.

— Vi held stengt i respekt for Klette, seier Bjørn Holmvik, administrativ byvakt i Bergen kommune.

Også han legg vekt på kor mykje Klette betydde mykje for utviklinga av skatemiljøet i Bergen.

— Han var aktiv og anerkjend.

Frå Rosendal til Bergen Både Skaale og Klette kom frå Rosendal, der dei også hadde vore aktive skaterar. Då dei flytta til Bergen, kom dei til det største skatemiljøet på Vestlandet. Dei markerte seg raskt både med skatestil og veremåtar og vart pådrivarar i miljøet.

At dei to ikkje er her lenger, kjem til å prege miljøet, seier dei to bak disken på Sessions. Blant anna arbeidde Klette med forskjellige måtar å skate på i byrommet i Bergen og hadde store ambisjonar.

— Begge var veldig flinke skaterar, som gav mykje av seg sjølve og var inspirasjonskjelder for veldig mange over lang tid, seier Rafen og Skiple.