I verste fall kan det bli aktuelt å leggje ned sengeplassar.

Dette er statusrapport for Barneklinikken våren 2002, og slik har situasjonen vore i lengre tid.

— Vi kan ikkje leve med denne situasjonen stort lenger. Det er barna og foreldra det går utover, seier klinikksjef Robert Bjerknes til BT.

Etter planen skulle arbeidet med eit ombyggingsprosjekt på nyfødtposten endeleg begynne i år, men er no utsett på ubestemt tid. Som BT skreiv mandag, er det i praksis innført full investeringsstopp i Helse Bergen HF, etter at staten overtok som eigar i år.

— Vi manglar fullstendig investeringsmidlar, og det rammar særleg nyfødtposten. Den eldste delen av Barneklinikken er 52 år gamal, og generelt i dårleg stand, fortel Bjerknes.

Kan ikkje vente lenger

I 1998 vedtok Hordaland fylkeskommune å samle alle små pasientar på eit eige barnesenter ved Haukeland sykehus. Men i beste fall ligg dette prosjektet framleis fire-fem år fram i tid. Så lenge kan ikkje Barneklinikken vente.

— Enten må vi investere i den eksisterande avdelinga no, eller så må noko gjerast for at barnesenteret kan realiserast tidlegare. Men slik situasjonen er no, har vi ikkje pengar verken til det eine eller det andre.

På investeringsplanen for 2002 var det satt av midlar til nytt overvakingsutstyr ved Barneklinikken. Innkjøpa er stoppa tvert av Helse Vest.

I tillegg til utstyrsmangel, slit klinikken med for lite folk. Begge delar er nyleg dokumenterte i «Nasjonal Plan for nyfødtomsorgen». Nyfødtavdelinga har 47 sjukepleiarar, men burde hatt kring 100, ifølge internasjonal standard.

På same måte bør kvar intensivplass ha femten kvadratmeter til disposisjon. Men eit raskt blikk fortel at små pasientar i Bergen må klare seg med ein brøkdel.

- Ikkje meir å gå på

Dei siste åra har Barneklinikken vore gjennom ein tøff innstrammings- og effektiviseringsprosess med kutt i investeringar og kostnader.

— Vi har ikkje meir å gå på. Nyfødtavdelinga blir i dag driven på rein dugnadsånd. Kuttar vi meir no, går det utover tilbodet til dei nyfødde, seier seksjonsoverlege Hallvard Reigstad til BT.

Men skal årets budsjett gå i balanse, må Barneklinikken likevel klare seg med færre tilsette og redusere aktiviteten.

— Slik situasjonen er no, er det fare for at vi må redusere den elektive aktiviteten (det som ikkje er øyeblikkeleg hjelp). Då blir tilbodet til sjuke barn i vår region redusert, og ventelistene kjem til å auke, seier Bjerknes.

Direktør for Medisinsk divisjon er samd i at noko bør gjerast med forholda på klinikken.

— Barneklinikken er eit høgt prioritert prosjekt, seier Svein Hindal.