– Vi er inne i ei skjebnetid for fylkeskommunen, sa fylkesordførar Toril Selsvold Nyborg då fylkestinget i Hordaland konstituerte seg i går. Med skjebnetida er det den komande regionreforma Selsvold Nyborg sikta til.

– Dette er den siste perioden før regionane tek over. Regionreforma har gått som ein raud tråd gjennom heile den førre perioden, sa Selsvold Nyborg.

Også fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen vart attvald – men med færre stemmer enn venta. Venstre sine tre representantar stemte heller på Magnar Lussand frå Sp som nestsjef. Han var varakandidaten til dei raud-grøne partia.

Grunnen var dårleg skjult misnøye med at KrF ikkje ville snakke med Venstre.

– Tidlegare var det vanleg praksis at sentrumspartia samarbeidde seg imellom først, for så samla å støtte eit anna alternativ, seier Harald Hove, Venstre sin gruppeleiar.

Desse 14 vart valde til fylkesutvalet, fylket sitt formannsskap:

Ap: Gisle Handeland, Joril Christensen, Sigmund Olsnesog Torill Vebenstad.

Frp: Terje Søviknes, Monica Nilsen, Petter Kvinge Tvedt.

Høgre: Tom-Christer Nilsen, Mona L. Røsvik Strømme, Stein Inge Ryssdal.

KrF: Torill Selsvold Nyborg og Pål Kårbø.

Sp: Magnar Lussand.

SV: Mette Holmefjord Olsen.

Venstre: Harald Hove.

GJENVALGT: Toril Selsvold Nyborg (Krf) spår skjebnetid for fylkestinget.
Bergens Tidende