Bak det blanke glaset ligg eit bittelite menneske i 30 varmegrader. Den nye verdsborgaren frå Austrheim kom tolv veker for tidleg, og vog berre 824 gram. Berre fem dagar gamal vart han operert.

— Det er godt ein ikkje veit på førehand kva ein skal gjennom, sukkar mamma Hilde Austrheim Valdersnes (32).

- Verst for foreldra

Det var ikkje slik ho hadde sett for seg sin første fødsel: Alvorleg svangerskapsforgiftning og keisarsnitt i full narkose. Den første tida låg ho på båre utanfor kuvøsa hans. Utan å sjå guten skikkeleg, fordi det er så trongt om plassen på nyfødtavdelinga. Endå trangare blir det når mannen hennar er her.

— Eigentleg er det berre plass til meg og stolen der, seier ho, og nikkar mot ein stressless.

Stolen deler den vesle golvplassen på nokre kvadratmeter med fire kuvøser, røntgenutstyr, ultralydmaskiner, legar, sjukepleiarar og foreldre. Landets eldste nyfødtavdeling slit med desperat plassmangel.

— Det er verst for foreldra. Særleg for dei blir det kummerleg her inne, seier seksjonsoverlege Hallvard Reigstad.

— Foreldra gjennomgår ei krise, og tilbringer store delar av kvardagen sin her i inntil tre månadar. Men vi har altfor lite plass og tid til å ta oss av dei. Tilbodet vårt i 2002 er rett og slett ikkje godt nok.

Fare for smittespreiing

Den minste pasienten som er blitt berga på «nyfødten» vog mindre enn 400 gram. Hit kjem barn som blir fødde for tidleg, som har pusteproblem, infeksjonar eller medfødde misdanningar. Totalt er det sengeplass til 21 små, men i periodar er pågangen langt større.

— Aktivititen på ei nyfødtavdeling kan ikkje planleggast, og når belegget er stort, blir utstyrs- og plassmangelen endå tydelegare, seier klinikksjef Robert Bjerknes.

— Ved eit høve måtte vi låne respiratorar og kuvøser frå andre sjukehus på grunn av overbelegg. I slike situasjonar kan det også bli så trongt her inne at faren for infeksjonsspreiing aukar.

Bjerknes presiserer likevel at alle barn får forsvarleg behandling. I fjor vart vel 6000 små pasientar innlagt ved Barneklinikken.

Personalrom vart lager

På veg ut passerer vi tomme kuvøser på rekke og rad i korridoren. Dei står her, fordi det vesle lageret er fullt.

Lager og lager, forresten. Eigentleg er det personal- og samtalerommet, som for lengst er tatt i bruk som lagringsrom for medisinsk utstyr.

Etter årets budsjettsituasjon å døme, må dei tilsette klare seg utan opphaldsrom nokre år til.

824 GRAM: Den nye verdsborgaren frå Austrheim kom til verda tolv veker for tidleg, og vog berre 824 gram.
FOTO: RUNE SÆVIG